– Det har vore mykje folk denne første veka, og vi har hatt nok å gjere, seier Egil Davik, som er dagleg leiar for Gjenbruksbutikken på Ose.

Butikken er spesielt populær mellom studentar og unge familiar, skriv områdeleiar Steinar Dimmen i Norsk Luthersk Misjonssamband i ein e-post til Møre-Nytt.

– Vi tek imot varer som folk vil kvitte seg med, men som er godt brukande, og som andre har nytte av. Mange er på leiting etter varer som har ein viss alder, det gjeld særleg møblar og pyntegjenstandar. Denne retro-trenden er det særleg unge som er prega av, skriv Dimmen.

Brannråka på handel

Då Møre-Nytt var innom for å fotografere vart Anna Maria Sigvertsen ekspedert av Kari Kvistad. Hennar utgangspunkt for å besøke butikken er uvanleg – heldigvis. Ho budde i huset på Åmås som brann ned i sommar.

– Vi treng mange nye ting, og kan ikkje kjøpe alt nytt, seier Sigvertsen.

Kari Kvistad fortel om travle dagar, no etter at ferien er over. Ho er ei av rundt 30 frivillege som arbeider på Gjenbruksbutikken. Nokre er med berre nokre timar i veka, andre bruker mykje meir tid i butikken.

– Vi opplever dette som eit interessant arbeid, det er sosialt og miljøskapande for oss som er med, og det er meiningsfullt å vere med på noko som er til hjelp for andre. Men her er god plass til nye medarbeidarar som vil hjelpe til i butikken, og ein treng ikkje å ha erfaring frå butikkarbeid for å vere med, seier dagleg leiar Egil Davik.

Gjenbruksbutikken tek imot gamle, og nye, ting som folk vil kvitte seg med, og sel det ut til god nytte for andre.

– Vi har alt, men ikkje alltid , er eit uttrykk som passar for butikken. Folk som vil kvitte seg med ting som er brukande kan kome med det til butikken i staden for å køyre det til reinhaldsverket. Vi har stor bil som vi både hentar og køyre ut varer i, opplyser Steinar Dimmen.

Inntektene går uavkorta til kristent arbeid i Noreg og misjonsarbeid i utlandet. Dimmen trekkjer og fram miljøperspektivet.

– Det lettar presset på miljøet og klimaet at vi brukar ting to gonger, og ikkje kasserar ting som framleis er godt brukande, seier han.

Gjenbruksbutikken: «Vi har alt -men ikkje alltid», er mottoet til Gjenbruksbutikken. Foto: svein aam