Mora vaks opp i Bakkane på Folkestad, og etter å ha brukt mange år på å restaurere gardsbruket i Bakkane, gir no Rønnestad ut plate med tonesette dikt. Med seg på CD-sleppet fredag har ho Geir Bråten, som har tonesett dikta.

Prisløna kulturarbeid

KulturBakkane fekk Fortidsminneforeningens Godt Vern pris i 2015.

– No toppar Rønnestad det heile med å gi ut CD-plate med dikt som ho har skrive sjølv. Mange av dikta har utspring frå opplevingar som den pensjonerte juristen har hatt på Folkestad desse åra, står det i ei pressemelding.

Plateslepp

Den gode vennen, Geir Bråten har tonesett mange av dikta, som no blir historiske og evigvarande på plate. Platesleppet er ope for alle.

–Mange har vore på besøk og høyrt fleire av dikta før. No har ein del av dikta kome på plate. Eg vil likevel presisere at eg er ein glad amatør, som likar å ordlegge meg om personlege opplevingar gjennom dikt. At min gode venn Geir Bråten har sett toner til dikta, gjer det heile komplett, seier ho.