– Ja, det er vi. Men skulle det starte å brygge seg litt opp mellom oss, går eg meg berre ein tur, humrar Nils Valde om det lange ekteskapet med si kjære kone. Nils legg raskt til:

– Jorunn er no også ei ualminneleg bra kone!

Førre torsdag var ein spesiell dag for Jorunn og Nils Valde: Då var dei tilbake i Ørsta kyrkje, der dei gifta seg nøyaktig på dagen for seksti år sidan, 10. august 1957. Familien ville gjere stas på foreldra, og tok dei med på overraskingstur til Ørsta i høve diamantbryllaupsdagen. Då dei opna kyrkjedøra stod borna til Jorunn og Nils der – heilt overraskande for dei jubilerande foreldra.

– Dette opplegget er kjempeflott og heilt overraskande, ja, ein kan seie at vi vart lurte, humrar dei glade jubilantane.

Bakkane

Jorunn Valde vart fødd Sletfjerding, er dotter av Peder og Maria Sletfjerding, og voks opp på Bakkane og Austlidmarka i Ørsta. Familien kom flyttande hit med Grepa-fabrikken, som flytta frå Veblungsnes til Ørsta der far til Jorunn var kontorsjef. Dette var i 1929, og då kom mange romsdalingar flyttande til Ørsta, og då oppstod også Grepalida. Jorunn vart konfirmert i Ørsta kyrkje i 1948 av hjelpeprest Ola Mo.

Ektefellen til Jorunn, Nils, kjem frå Skodje. Paret har budd på Åfarnes i Rauma i 59 år. Storfamilien tel forrutan dei fem borna deira også sytten barnebarn og eit oldebarn, snart to.

Jorunn og Nils var begge lærarar i yrkeslivet. No lever dei eit aktivt pensjonisttilvære.

– Penjonistlivet er fantastisk når vi har mykje å gjere. Vi driv foreiningsarbeid og ungdomsarbeid. Eg driv også bygningsarbeid og fiskar om vintrane på sjøen. Då lagar Jorunn fiskekaker, fortel Nils. Han har også vore politisk aktiv for KrF, og var i to periodar ordførar i Rauma kommune.

Det er eit vitalt diamantbryllaupspar som kan sjå tilbake på eit langt ekteskap og som no har feira ein stor dag i Ørsta. Etter turen i kyrkja, var det duka for middag på Hotell Ivar Aasen før familien fekk høve til å besøke barndomsheimen til Jorun på Bakkane der det vart diska opp med kaffi og sveler. Siste stopp var feriehuset på Valle.

Stemning: Jorunn og Nils Valde saman med borna og deira ektefeller. Bak frå venstre: Kurt Urhaug, Liv Valde Urhaug, Bjarne Fløtre, Kari Valde Fløtre, Øystein Valde, Marit Valde Singelstad, Rune Singelstad, Liv Sølvi Morstøl Valde og Jan Peter Valde. Framme: Jorunn (f.Sletfjerding) og Nils Valde. Foto: Roy-Arne Folkestad