– Det er i god Bent Høie og Sanner-ånd at pasientane vert sett i sentrum gjennom eit samarbeid mellom sjukehusa og helsetenesta i kommunane, slik at også kommunane kjem på bana og bidreg til beste for pasientane, seier Jan Tore Sanner.

Storsatsing

Statsråden besøkte Volda sjukehus i førre veke der han fekk informasjon om mellom anna Helse Sunnmøre si storsatsing for eit moderne og ei framtidsretta pasientutvikling for dei eldre multisjuke pasientane i e tid der talet på eldre aukar. Avdelingsleiar på medisinsk avdeling på Volda sjukehus, Mona Ryste, som også er leiar i ei arbeidsgruppe for nybrotsarbeidet, orienterte Sanner om arbeidet og status og verkemidla for pasientløpet til eldre pasientar med fleire somatiske og eller psykiske sjukdomar.

Arbeidet har Volda sjukehus utvikla saman med kommunane på Søre Sunnmøre. Mandatet har vore å utvikle ei framtidsretta pasientutvikling, peike på særskilde tilpassingar som må gjerast for at det skal kunne fungere i alle kommunane i fylket, og å lage ein plan for implementering av den nye pasientgangen.

– Det har vore eit eventyrleg godt samarbeid mellom sjukehuset og helse og omsorg i Sjustjerna-kommunane, fortalde Ryste. Sjustjerna er sett saman av Volda, Sande, Vanylven, Herøy, Ulstein, Hareid og Ørsta.

– Alle kommunane i Volda sjukehus sitt område har etablert denne ordninga, og vi har no nesten ingen utskrivingsklare pasientar som ligg på vent. Kommunane tek imot dei med gode tilbod, utan at dei treng å vente, seier Ryste.

Satsinga, som handlar om kva som er viktig for pasienten, og ikkje det utdaterte «kva er i vegen med deg»-spørsmålet, er tufta på den nasjonale helse- og sjukehusplanen der dei største utfordringane, sett frå brukarane sin ståstad, er at dei kommunale tenestene vert opplevde som fragmenterte, at det er lite brukarinvolvering, og at fastlegane er for dårleg integrerte i resten av den kommunale helse- og omsorgstenesta. Liknande utfordringar har ein også i spesialisthelsetenesta. Det er behov for meir systematisk oppfølging og auka medisinsk kompetanse til dei sjukaste og skrøpelegaste pasientane. Og det er behov for eit felles

løft i høve til den multisjuke eldre pasienten og betre samhandling mellom kommunehelsetenesta og spesialhelsetenesta.

Likverdige

Det er eit mål for arbeidet at multisjuke eldre pasientar skal få kvalitativt gode og likeverdige tenester i Møre og Romsdal med fokus på pasienten sine helsebehov. Vidare er det eit mål at pasienten få eit betre liv gjennom meistring og tryggleik i helsetenestene i tråd med nasjonale retningsliner og føringar, og med basis i samhandlingsavtalen mellom kommunane og Helse Møre og Romsdal. Det skal utviklast eit pasientløp for eldre multisjuke pasientar som skal vere rettesnor for alle kommunar og sjukehus i fylket der identifiserte vanskelege overgangar er sikra med tiltak. Reinnlegging skal reduserast og i pasientgangen skal pasientane ha samstemte medikamentlister, vere vurderte for fallrisiko, vurderte for kognitiv funksjon og sikra god ernæring.

Mobilisering og rehabilitering skal også vere ein integrert del av pasientgangen og det skal utarbeidast ein plan for å implementere pasientgangen. Kommunalministeren var imponert over det ein har fått til i samarbeidet på Søre Sunnmøre, og meinte dette var i tråd med slik han ønskjer kommunane og helsevesenet skal arbeide i framtida.

– Det er godt å høyre korleis de set pasientane i sentrum og samarbeider med kommunane. For det er jo slik at pasientane ikkje held seg enkeltvis til kommunehelsetenesta eller spesialisthelsetenesta. Dei held seg til dei samla helsetenestene, og då er det kommunane og staten som må samarbeide, sa Sanner.