Det seier kulturrådgjevar Jostein Mo i Ørsta kommune.

Før ferien vedtok formannskapet som planutval å leggje kulturminneplanen for 2017–2025 ut til høyring. Høyringsfristen er sett til 31. august.

– Grunnen til at det er ein så lang høyringsfrist er nettopp at det er ferie, og at vi veit at representantar spesielt for frivillige lag og organisasjonar er bortreist. Til no har vi fått inn åtte merknader, og dei aller fleste er frå statlege og fylkeskommunale organ, altså profesjonelle aktørar når det gjeld offentlege høyringar, seier Mo.

Kommunedelplanen for kulturminne- og miljø er utarbeidd i samråd med m.a. lokale sogelag og grendelag, der desse har kome med innspel. Nokre av desse innspela er med, andre ikkje.

– Difor er det viktig at flest mogleg av desse laga og organisasjonane, og også grunneigarar og andre kjem med innspel i høyringsrunden. Vi ynskjer å få med lokale kulturminne vi veit kan vere aktuelle for vedlikehald, både når det gjeld bygningar og miljø, seier Mo.

Meininga med kulturminneplanen er at han skal vere eit verktøy for lokal og regional forvaltning, og grunnlag for ei meir effektiv areal- og byggjesakshandsaming der kulturminne er tema.

– Til dømes vert omgrepet omsynssone nytta i planen. I sjølve kulturminneplanen kan ikkje slike omsynssoner vedtakast, men viss det i planen står at spesielle bygningar eller miljø kan vere i ei omsynssone, kan dette verte vedteke i ein seinare arealplan, som t.d. ein reguleringsplan, seier Mo.

Det vil igjen seie at kan knyte seg spesielle restriksjonar til bygningen eller miljøet i samband med utbygging eller anna utvikling.

– Eit døme er prestegarden på Sæbø, der grunneigar Opplysningsvesenets fond har kome med eit innspel om at dei ikkje ynskjer ei omsynssone, eller at dei i alle fall vil vere med på å drøfte vidare lagnad for bustaden og området. Det har samanheng med at dei ikkje vurderer prestebustaden slik at han skal ha noko vern, og inntil vidare vil ha mulegheit til å rive, forklarar Mo.

Kulturminneplanen omhandlar lokale kulturminne. Regionale og nasjonale kulturminne er lista opp i planen, men vil vere omfatta av eit overordna regleverk, statleg eller fylkeskommunalt.