– Naboane til Krokedalen barnehage synest det var hyggeleg å ha ein barnehage i området, då drift og storleik var tilpassa området. Etter den enorme utbygginga har det vorte eit uuthaldeleg støynivå, trafikkaos og parkeringskaos. Når mange titals foreldre som «skal berre» hente/levere barn, parkerer i hytt og ver, kombinert med barn som spring rundt, så går det ut over naboane sine stikkvegar og plenar, men det er også livsfarleg for barna, skriv ein nabo til barnehagen i eit brev til Ørsta kommune.

I brevet står det at mange av naboane føler seg førte bak lyset.

– Det vart bygt kjempestort med dispensasjonar. Støy, parkeringsplager og trafikkaos er no langt over det som er akseptabelt i eit buområde. Det er på tide å minne kommunen om at det er ein grunn til at det finst reglar, og denne saka har vist at dispensasjonar ikkje bør godkjennast, då det berre fører til varige problem.

Dei bed kommunen ta grep.

– Må eit barn verte påkøyrd før nokon forstår alvoret i dette? Kommunen må ta ansvar og terminere alle dispensasjonar. Barnehagen må halde seg til sin eigen utvida eigedom. Kommunen bør pålegge å rive det gamle huset på nyerverva tomt med tidsfrist for å kunne bruke deler av dette arealet til å bygge skikkeleg og trygg åtkomst med trygge trafikkløysingar. Barnehagen bør også påleggast å sette i verk støydempande tiltak med kort tidsfrist, skriv naboen.