– Programmet er spikra og, vi gler oss over underhaldningspakken vi har fått sett saman, seier arrangørane Lenita Storeide og Siv Astri Erlandsen. Dei seier at publikum berre kan glede seg til nok ein velorganisert festival.

– Trandal er ein unik arena for å presentere denne musikksjangeren, og kulissane her ute er berre fantastisk å kople saman med denne musikken, Grunnleggaren av staden, Frank Storeide, hadde nok countrymusikken og festival i tankane då han bygde opp denne staden. seier Siv Astri Erlandsen.

Trandal Countryfestival har vorte eit kjent arrangement blant artistar og publikum over heile landet – og utover landegrensene.

– Norske, skandinaviske og europeiske artistar skriv og sender mail og ønskjer seg til Trandal på festival. Dei artistane som er gjester her, gler seg over å få lov til å opptre på denne unike plassen. Nokre har vore her før og ville tilbake, andre er nye.

Artistane som skal opptre i år er Linda og Peter Dahl (Sverige), Cindy Kvinlaug (Norge), Max T Barnes (USA), Niklas Lazukic (Sverige), Lisbeth Hauge (Norge), BIG-B (Norge), Get Rhythm (Norge), J.A. Ytterland (Norge) og Sivert Bjørdal.

– Trandal Countryfestival er svært stolte og glade for å ha fått den Amerikanske Max T. Barnes til Trandal. Han har eit svært kjent namn, har ein flott personlegdom, er songwriter, studiomusikar og produsent i amerikansk countrymusikkindustri, og er på fornamn med dei fleste artistar. Alle kjenner han som ein hit-writer og entertainer – og også som ein svært god songar og musikar som har spelt saman med dei fleste artistar. Han er son av ingen ringare enn ein av countrymusikk-historias største song- og låtskrivarar Max D Barnes, fortel Erlandsen.

Artistane vert bakka og presenterte gjennom to husband, Hessy’s Countryband frå Sverige og Sivert Bjørdal Band.

Årets programleiar er Tore Håland frå Norsk Country Radio.

– Han er ein friskus og flink til å halde kontakten med publikum frå scena, seier Erlandsen.

Lyd og lys frå scena er ved Lydkjelleren frå Ålesund med Sverre Walderhaug i spissen.

Under festivalen vert det gratis Linedancekurs gjennom ”Cow Valley Linedancer”. Det blir også westernbutikk med sal av cowboyhattar, skjorter og div. på området.

– Festivalen er oppteken av at alle artistar og musikarar skal bu på Trandal og opphalde seg mest mogleg på arrangementsområdet slik at kontakten mellom artistar og publikum vert nært, og dette er godt motteke, seier Erlandsen.

Båthamna på Trandal er klar for alle båtane som kjem, campingen vil bli fylt opp, og det er plass til eit avgrensa tal bubilar og campingvogner.

– Det er også moglegheit for camping på Sæbø og Standal, eller folk kan ta med seg telt.

– Kjøkken- og restaurantdelen er klar for matservering. Båttransport er klar for sikker transport av publikum til og frå Sæbø/Standal/Urke og Ålesund, og ferjene vil gå som ved tidlegare store arrangement på Trandal. Busstransport er også på plass, fortel Erlandsen.

Ho og dei andre i arrangørstaben takkar alle lokale firma som er støttespelarar for arrangementet.

Det vert ikkje musikk frå hovudscenen fredag. Då er det trubadurar med dansbar musikk frå trubadurscena, og låvedans og artistjam i den gamle løda seinare på kvelden. Laurdagen startar programmet på trubadurscena om ettermiddagen og på hovudscena tidleg kveld.

Klar: Big B er klar for Trandal. Foto: Pressefoto
Frå USA: Max T Barns frå USA toppar plakaten. Foto: Pressefoto
Frå Sverige: Linda Dahl. Foto: Pressefoto