Det seier rektor Lilli Brenne Røv på Globalskulen i Volda.

I fjor haust opplevde ho og skulen marerittet då regjeringa i forslaget til statsbudsjett nulla ut løyvinga til skulen. Viss forslaget hadde vorte vedteke, ville det har vore slutten for skulen og dei 23 lærarane. Men i budsjettforhandlingane kom løyvinga til skulen inn igjen, og undervisninga kunne halde fram.

For born i utlandet

Globalskulen i Volda gjev undervisning i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske born som går på lokale eller internasjonale skular i utlandet.

Undervisninga, som byggjer på kunnskapsløftet, norsk læreplan for grunnskulen, skjer over nettet. Tilbodet er godkjent og delfinansiert av Utdanningsdirektoratet.

– Det regjeringa opphavleg meinte, var at foreldra sjølve skulle betale for denne undervisninga. Kanskje er det ei oppfatning at dei som har med seg born til utlandet arbeider i selskap som gjev god løn osb. Slik er det ikkje. Vi gjev undervisning til alle typar born. Det kan vere born til einslege og born til studentar. Det er slett ikkje berre diplomatborn, seier Brenne Røv.

Globalskulen er eigd av fire kommunar: Volda, Vanylven, Sande og Sykkylven. Dei tilsette er spreidde over heile landet, men åtte av dei har arbeidsstad i lokala i Kaarstadvegen i Volda.

Tysdag fekk skulen besøk av stortingsrepresentantane Pål Farstad frå Møre og Romsdal og Andre Skjelstad frå Nord-Trøndelag. Dei to representerer Venstre på Stortinget, og spesielt Farstad tok ein kamp for Globalskulen under budsjettforhandlingane i fjor.

– Det var viktig for meg og Venstre å sikre at Globalskulen framleis fekk løyvingar. Det er i tråd med synspunktet vårt om at det er viktig med statleg finansierte arbeidsplassar ute i distrikta, seier Farstad.

Stadfesta rett

Han er klar på at det ikkje er ynskjeleg med årlege kampar for løyvingar til Globalskulen. Difor støttar han rektor Brenne Røv i kravet om at norske elevar som er i utlandet, skal ha ein stadfesta rett til norskundervisning mellom anna over nett.

– Det er ein håplaus situasjon at vi skal vere på etterskot med løyvingane. Semesteret har alt starta når statsbudsjettet kjem, og vi er langt inne i planlegginga for komande semester og skuleår, forklarar Brenne Røv.

– Tilbodet vårt er ein og ein halv time undervisning i veka på nett, i faga norsk, KRLE og samfunnsfag. Vilkåret for at norske born i utlandet skal få denne undervisninga, er at dei samstundes går på ein lokal eller internasjonal skule der dei bur. Vi gjev undervisning til i overkant av 1.400 elevar. Det er det vi får pengar til, fortel Brenne Røv.

Undervisninga byggjer altså på kunnskapsløftet og læreplanen, og det er dei tilsette sjølve som har utarbeidd dei nettbaserte opplegga, mellom anna med mykje visuell undervisning gjennom videoar og grafikk.

Undervisninga er asynkron. Det vil seie at foreldra kan gå inn på nettet og gjennomføre denne for borna sine når dei ynskjer. Ofte skjer det t.d. på ein søndag føremiddag.

– Vi er avhengige av engasjerte foreldre, og det viser dei seg å vere, fortel Brenne Røv.

Farstad er oppteken av å løfte saka til Globalskulen på eit nasjonalt nivå.

– Det er sjølvsagt godt for Volda at skulen ligg her, i ei skulebygd. Men det at norske born i utlandet skal ha rett til å få norskundervisning over nettet, det er ei nasjonal sak. Difor er dette viktig, seier Farstad.

kompetanse: – Lærarane i Globalskulen har svært høg kompetanse, seier rektor Lilli Brenne Røv. Foto: Rune Sæbønes