No reduserer dei aktiviteten, og framover vil ikkje indremisjonen ta initiativ til vanlege møte, festar og andre arrangement på Ørsta Bedehus.

– Dette er ikkje dramatisk for Ørsta Indremisjon. Eg må berre rydde plass til å vere student neste skuleår og ingen ville vere leiar. Så eg er framleis valt som leiar for indremisjonen, men har litt færre oppgåver enn tidlegare, fortel leiar Hjørdis Almelid Vikenes.

Ho fortel at endringane nærast er berre «interne og organisasjonsmessige».

Ikkje nedlagt

– Og vi er ikkje nedlagt, men vi har no eit forvaltningsstyre og ikkje eit driftsstyre. Dette botnar i at eg skal vere student på deltid til hausten, og difor ryddar meg tid til å studere, og ingen av medlemene i indremisjonen ville ta over leiarvervet, fortel Vikenes.

Ho gjer det klart at husstyret framleis er i full drift, og at dei har ansvar for bedehuset og Sportskapellet på Bondalseidet.

– Slik vil folk kunne leige begge desse husa som før, og lag- og organisasjonar kan ha sine faste arrangement og leggje nye arrangement til husa våre, som dåp, konfirmasjon, minnesamvær, bryllaup, konsertar, møteveker og meir. Husstyret vil arrangere bedehusbasarar haust og vår, og også konsertar, slik dei også har gjort tidlegare, seier styreleiaren.

Aktiviteten i regi av indremisjonen går likevel kraftig ned. Indremisjonen har sendt brev til medlemmene for å orientere om endringane. Der går det fram at det på årsmøtet i vår var berre ein kandidat til eit normalt arbeidande indremisjonsstyre. Årsmøtet vedtok difor – i tråd med styret si tilslutning til framlegg frå Vidar Mørk – å velje eit reint forvaltningsstyre for neste år. Dette vil truleg innebere at indremisjonsstyret ikkje tek initiativ til vanlege møte, festar og andre arrangement. Indremisjonen avsluttar sin del av samarbeidet med Soknerådet om Måndagsklubben og PitStop. Indremisjonen avsluttar også samarbeidet sitt i Ørsta kristelege samarbeidsutval (ØKS). Indremisjonsstyret deltek ikkje på Formiddagstreffa. Styret tek heller ikkje opp utfordringar frå Sunnmøre Indremisjon, IMF eller andre om nye

initiativ, kurs, samarbeid, dugnader o.l.

– Så må vi vone at andre organisasjonar vil bruke Bedehuset flittig, og at andre meir frie grupperingar ser dette som eit høve til å realisere idéar og tiltak som kan byggje Guds rike ut frå Ørsta Bedehus, heiter det i brevet til medlemmene.

– Den nye ordninga vil i alle fall vare til årsmøtet neste år. Eg har ikkje fått nokon negative reaksjonar på reduksjonen. I realiteten er det snakk om nokre møte i indremisjonsregi som no ikkje vil gå som møte i regi av oss. Truleg vil Sunnmøre Indremisjon og andre organisasjonar og folk ta nokre ekstra møte så kanskje enda på visa vert at fleire tek tak når andre ikkje er i full drift, reflekterer Almelid.

Alternativet er nedlegging

– Alternativet til denne driftsforma ville vere å leggje heilt ned, og det ville i så fall vere beklageleg. No får vi prøve eit driftsår med tilpassa drift og evaluere korleis året har vore. Elles vil husstyret vårt arrangere basardagar to gonger i året og konsertar slik dei har gjort, så heilt utan indremisjonspunkt vert ørstingane ikkje. Vi har plass til fleire nye medlemar, så viss nokon eventuelt vil engasjere seg må dei ta kontakt med oss i styret, oppmodar Hjørdis Almelid Vikenes.

Roy-Arne Folkestad