Sokneprest Arne Moltubak døypte Aurora i dei idylliske kulissane i Brudavolltunet, der regnet yppa seg litt, men heldt seg likevel stort sett unna under olsokstemnet og utegudstenesta.

Maren Stanghov Thorstensen og Oddmar Eiksund er foreldre til dåpsbarnet Aurora. Dei syntest olsok var ein flott dag å få døypt jenta si på.

– Mor mi Ruth Eiksund, har bursdag i dag, så då slår vi to fluger i ein smekk med bursdagsfeiring og dåp, fortalde Oddmar etter at gudstenesta var over. Venner og familie var mellom dei som var til stades under gudstenesta og dåpen. Eit par timar i forkant, hadde folk tradisjonen tru vorte tilbode rømmegraut og sveler, og natronkaker laga av Torhild Øie. Og maten gjekk unna:

Mykje graut

– Dette er den sjette grautapanna vi no sel frå, så det har gått ut mange porsjonar, fortalde Edel Vatne Roald nøgd. Dottera henne, Marie Roald og Anna Sandvik selde sveler og natronkaker. Også dei var svært populære.

Ektefellen til Edel, Anders Roald, las tekst under gudstenesta. Og så ringde han inn og ut gudstenesta ved å slå ein hammar på ei klokke.

Olsok er feiringa av dødsdagen til Olav den heilage, 29. juli. Og for å blåse støv av historiepensumet: Feiringa av olsok oppstod ganske umiddelbart etter at Olav den heilage, som innførte kristendommen i Noreg, fall på Stiklestad i 1030.

I over 300 år var olsokfeiringa nesten fråverande, men på slutten av 1800-talet fekk feiringa ein renessanse.

– Feiringa kom tilbake på slutten av 1800-talet som eitt ledd i nasjonsbygginga. Gamle tradisjonar, deriblant olsok, blei henta fram frå gløymsla. Vi kjenner mellom anna til olsokfeiring i Nidarosdomen i 1897, fortel professor i teologi ved Universitetet i Oslo Hallgeir Elstad. Elstad til Nynorsk Pressekontor.

Under gudstenesta på Brudavollen stilte sokneprest Moltubak spørsmål om ein burde feire olsok då det også handla om brutalitet for Olav den heilage, og at ein slo hardt ned på dei som ikkje ville tru på kristendomen.

– Det finst argument både for og imot å feire olsok. Men vi skal gle oss over at kristendomen kom til Noreg, meinte Moltubak som i preika oppmode folk om å vere mindre sjølvopptekne, og å vere meir rause overfor andre, også nye kulturar, sjølv om ein skal halde på dei norske tradisjonane.