Kjell Rønning (74) saman med broren Birger (71) tok førre veke folk med tilbake i historia – tilbake til dagleglivet på audegarden Molaupen ytst i Hjørundfjorden.

Det var Naturfestivalen, Hjørundfjord kulturvernlag og Eli Anne og Eldbjørg Tvergrov som arrangerte kulturvandringa på Molaupen. Om lag åtti personar vart med på turen. Opplegget var todelt. Den eine delen handla om Molaupsulykka (omtala i Møre-Nytt sist fredag), og den andre delen handla om garden Molaupen, og folka som budde der.

Kjell Rønning vart fødd på Molaupen, og budde på garden til 1954, då familien valde å flytte. Fyrst eit år på Nes ved Trandal, og der etter til Åsestranda.

– Kva som var den eksakte grunnen til at familien valde å flytte akkurat det året, veit eg ikkje. Men det handla vel om at det vart tungvint å bu veglaust, samanlikna med det livet vi kunne få andre stader. Dessutan hadde mine eldre sysken alt flytta, og dei hadde etablert seg i området ved Åsestranda, fortel Kjell til Møre-Nytt.

Molaupen er den nest ytste garden på austsida av Hjørundfjorden. Dei fyrste kom til staden på 1500-talet, og der budde folk heilt fram til 1954.

– Den viktigaste næringa var geitehald. I tillegg var det fiske. Laksefisket var ei viktig åttåtnæring, for prisane på laks var høge. Vi hadde tretti til førti geiter, kring ti sauer og nokre få kyr og ein okse. Alt frå dyra vart brukt i hushaldet. Mjølka var det viktige for inntekt. Særleg før og under krigen vart skogen også viktig. Han vart selt til fiskebåtar som hadde bruk for ved, fortel Rønning.

Han og broren Birger var attpåklattar i ein syskenflokk på i alt sju born. Hans familie flytta til Molaupen i 1940, då mora Mary, som hadde odel på garden, fekk skøytet. Ho og mannen Knut Rønning budde då på Nes, og hadde då fem born. Birger og Kjell vart fødde på Molaupen.

I 1900 budde det seksten personar på Molaupen, og i 1907 vart garden delt i to bruk, Larsgarden og Andersgarden. Larsgarden vart fråflytta i 1946, og Andersgarden altså i 1954. Då garden vart delt, var det to våningshus, men løebygningen vart delt med ein skiljevegg mellom bruka.

Molaupen vart råka av ei ulykke i 1919. I samband med skyssing av born frå Molaupen og Strandabøen over fjorden til internatskulen på Stavset, kolva båten. Fire personar omkom.

– Dette fekk følgjer for Molaupen. Det var berre eldre folk som sat att, og konsekvensen var at mine foreldre kjøpte Andersgarden i 1940, fortalde Kjell Rønning på Molaupen.

Då han vart sju år, måtte han på skule. I og med at han hadde mykje slekt på Urke, valde han å gå på skule der.

– Då budde eg hos besteforeldra mine. Heime på Molaupen var eg berre til jul, påske og om sommaren, fortel Kjell.

Broren Birger gjekk på skule på Trandal.

Han fekk også vere med på 17. mai-feiring på Urke eit år, og ville ha ei slik feiring på Molaupen også.

– Det vart meg i front av toget med eit norsk flagg, og bak kom tjue-tretti geiter, fortalde Birger.

Det er ikkje ofte dei er på Molaupen. Det er helst i samband med hendingar som sist onsdag.

– Når eg er i Hjørundfjorden, er det helst på Urke, der eg har mykje slekt, fortel Kjell, som i dag bur på Linge.

På Molaupen er det i dag granskogen som dominerer. Han har vakse over bygningane som stod der, men inne i skogen kan folk enno sjå murane til både løe og våningshus og andre bygningar som høyrde garden til.