Elin Anne Tvergrov, barnebarn av Einar O. Standal, som omkom i Molaupsulykka den 23. november 1971, fortalde engasjert og gripande om skredkatastrofen for 46 år sidan. Skredulyka kravde sju menneskeliv. To vart berga.

Dette skjedde på Molaupen onsdag, i samband med at Naturfestivalen og Hjørundfjord kulturvernlag inviterte til ei kulturvandring på den fråflytta audegarden på austsida av Hjørundfjorden.

Kontrastane kunne ikkje ha vore større. Kulturvandringa var i idylliske omgjevnader, med ei nyslegen attlege for høvet, fin sommarvarme og sol. Noko heilt anna var det den novemberdagen for 46 år sidan, der ein i utgangspunktet brukbar dag skulle utvikle seg til eit inferno.

Eli Anne Tvergrov arbeider som kommunikasjonsrådgjevar i Møre og Romsdal Politidstrikt. Når krisa kjem, er ho med i kriseleiinga hos politiet. I dag opplever ho, politiet og publikum eit godt drilla redningsapparat. Alle veit kva dei skal gjere, kven som skal varslast og kallast ut, og kva informasjon det er ynskjeleg å gå ut med.

Slik var det ikkje den gongen.

– Folket på strendene visste at viss noko skjedde, måtte dei ta tak i det sjølve, fortalde Tvergrov.

Gardsbruka på vestsida av Molaupen dreiv med geitehald. Dei sende bukkane på beite på austsida. Denne hausten for 46 år sidan hadde det vore vanskeleg å få bukkane ned. Den 23. november skulle det gjerast eit forsøk, sjølv om det var lite dagslys, og vêret var ustabilt.

– Det vart kjent som ei skam ikkje å få husdyra heim, fortalde Tvergrov.

Eit fylgje reiste over fjorden for å få bukkane ned. Då dei var nede i Molaupsgjølet, kom ei fonn og tok ein av dei. Då vart det sett i gang ein bergingsaksjon. Etter kvart kom eit lag med lokale folk over. Medan desse var nede i gjølet, kom ei ny fonn. Til saman vart ti personar tekne, ein greidde å grave seg laus sjølv, og fekk varsla om ulykka. Ni var sakna.

Tidleg i fasen vart lensmann John Riise i Ørsta varsla om ulykka. Det var nærmast tilfeldig.

– Grunnen til at han vart kontakta, var at han gjennom Rise-ulykka tre år før hadde personleg erfaring med skredulykker, fortalde Tvergrov.

Riise køyrde frå Ørsta til Ytre Standal langs Vartdalsstranda. Ikkje hadde han samband. Men då han kom fram greidde han med hjelp av den einaste fasttelefonlina å få varsle Sunnmøre Politikammer. Seinare vart Hovudredningssentralen kontakta, og eit større bergingsapparat vart sett i verk. Klatrarar, hjelpekorps og den einaste godkjende lavinehunden i distriktet vart kalla ut.

– Den store skilnaden frå i dag var at det ikkje var noko gjennomført system for slike redningsaksjonar. Den andre store skilnaden var mangel på samband. Mobiltelefon eksisterte ikkje. Det vart etablert eit radiosamband, men grunna kraftlina over fjorden, vart det store forstyrringar, fortel Tvergrov til Møre-Nytt.

Ho fortalde også om dei mange lagnadane under og etter Molaupsulykka, om kor mykje som kunne gå gale gjekk gale. Men også om at to vart funne i live.

– Molaupsulykka gav politi og bergingsapparatet mykje viktig lærdom som den dag i dag vert nytta under katastrofar og kriser, fortalde Tvergrov.

Det var Jan Storeide og Norvald Standal som vart berga ut i live. Dei omkomne var Einar O. Standal (64), Olav E. Standal (29), Bjarne Arnvid Stavset (49, Einar K. Standal (47), Sivert Nes (34), Karl A. Standal (40), Ragnvald B. Bratheim (60 år)