Det skriv kontrollutvalet i Ørsta i protokollen frå møtet dei hadde 26. juni. Leiar Sven Castberg fortel at opplysningane kom fram då seksjonsleiar for tekniske tenester, Rolf Magnus Sundgot, leiar for plan og miljø, Gunnar Wangen og einingsleiar for bygg og oppmåling, Kåre Hjelle, møtte i møtet for å informere om ulike problemstillingar knytt til ulike dispensasjonsvedtak.

– Desse uformelle møta/sakshandsaminga vert ikkje dokumentert. Vi veit ikkje kven dette gjeld i samfunnsutvalet, anna enn at det er sagt at det er snakk om enkeltmedlemer, seier Castberg.

Han meiner det er ein uheldig praksis, og kontrollutvalet understrekar også i protokollen, betydninga av at rett sakshandsaming vert følgt.

– Det er uheldig fordi det mellom anna kan verte gjort vurderingar i saka som burde verte gjort av plenumet, altså av heile samfunnsutvalet. Det kan også kome fram forhold som burde verte belyst i saka, men som då ikkje vert belyst på ein skikkeleg måte. Så dette er noko vi ønskjer å sjå nærare på, fortel han.

Fortetting i sentrum

Diskusjonen i kontrollutvalet handla om problemstillingar knytt til regelverk ved bygghandsaming. Med grunngjeving i at det skal vere fortetting i sentrum vert det stadig gitt dispensasjon i høve reguleringsplanar. Det er ikkje berre uproblematisk. Fleire spørsmål vart drøfta: kva regelverk vert nytta når det vert gitt dispensasjon? Korleis styre omfanget av slik dispensasjon, og kva har dette å seie for klageretten til naboar m.m.

– Fortetting i sentrum er eit overordna mål, og det er styringsdokument for dette. Mange politiske vedtak med dispensasjon gir føringar for sakshandsaming. Samstundes kan desse gå i ulike retningar, og det kan vere vanskeleg å tolke i kva retning Ørsta kommune vil. Dette kan gi ein vanskeleg situasjon, mellom anna for innbyggjarar i eksisterande byggjefelt og dei tilsette i kommunen. Vi ser ein dispensasjonspraksis som er for liberal og har gått for langt, står det i protokollen frå kontrollutvalet.

Sven Castberg stadfestar at dette er noko dei vil sjå meir på.

– Vi opplever at det er eit mangelfullt regelverk når det gjeld vedtak om fortetting. Der er ikkje gode nok retningslinjer, og dette ventar vi at det vil kome ei sak på frå teknisk avdeling. Det er nødvendig med ei klarare retning, seier Castberg.