Dermed har to direktørar på relativt kort tid slutta ved hotellet på Sæbø. I vinter slutta Aina Aalen Bjerkvik då ho byrja i ny direktørjobb på Radisson Blu Hotel Ålesund. I februar tok Nina Helene Otterlei frå Ålesund til i direktørstillinga på Sagafjord. Berre eit knapt halvår etter sluttar ho. Og no står hotellet utan direktør.

– Det er ingen dramatikk i dette. Vi har nok sjefar på hotellet og drifta går utan problem. Til no har vi hatt 25 prosent auke i omsetninga, fortel Kristian Perry Westad i Sagafjord Hotel Eiendom KS. Selskapet eig Hotell Sagafjord.

Styret for hotellet har ikkje teke noko avgjerd om det skal lysast etter ny direktør.

I samband med at Otterlei starta i direktørjobben sa ho til Møre-Nytt at ho såg fram til arbeidet.

– Eg er veldig oppteken av friluftsliv, og slik er arbeidet på Sagafjord perfekt for meg. Eg ynskjer å ha tette band både til Destinasjon Ålesund og Sunnmøre og dei andre aktørane i reiseliv i Hjørundfjorden. Eg meiner vi må spele på lag med kvarandre, og utvikle Hjørundfjorden som reisemål vidare, fortalde Otterlei.