I 1961 vart Ørsta kommune og Ørsta frikyrkje samde om at kommunen skulle løyse inn tomta frikyrkja til då hadde vore på. Frikyrkja bygde ny kyrkje som stod innflyttingsklar i 1964.

Tomta, som er på oversida av Svendsengarden, skulle nyttast til vegføremål. I dag er det ei busslomme og ein liten park på tomta.

– Det var i samband med arbeidet med istandsetjinga av Svendsengarden og området rundt, at det vart oppdaga at kommunen ikkje hadde heimel på tomta, fortel spesialrådgjevar Arnstein Nupen i plan- og utviklingsstaben i Ørsta kommune.

Det er i dette området mellom anna Statens vegvesen er inne, og skal oppgradere busstoppane ved E39.

Han kjenner ikkje til kvifor det ikkje vart tinglyst skøyte då tomta vart kjøpt frå frikyrkja.

– Vi sette i gang eit arbeid med å finne ut av dette, og såg at kommunen har betalt avtalt sum for tomta, fortel Nupen.

Kommunestyret i Ørsta vedtok i 1961 å løyse inn tomta for 34.000 kroner. Pengane vart utbetalt til frikyrkja i to omgangar. 17.000 kroner i 1963 og 17.000 kroner i 1964.

Då det vart oppdaga at kommunen ikkje hadde heimel over tomta, vart det teke kontakt med frikyrkja. Frå Ørsta frikyrkje si side vart det stadfesta at kommunen hadde gjort opp for tomta. Eldsterådet i Ørsta frikyrkja har handsama saka, og sagt seg villige til å skrive under dei naudsynte papira, slik at Ørsta kommune får tinglyst skøytet på eigedommen.

– Eg trur ikkje at dette kjem grunna slurv i kommunen på den tida. For dette er høgst uvanleg å oppdage. Eg trur i staden at det var ei medvioten handling som låg bak. Omnrådet skulle brukast til vegføremål, og det var truleg ikkje sett som naudsynt at det skulle verte tinglyst eit skøyte. Då som no måtte kommunen vere nøye med pengebruken sin. Det handla nok om å spare nokre avgifter til staten, seier Nupen.