Simen Henry Barstad fekk ei heilt spesiell oppleving sist fredag, då ei ørn flaug inn i frontruta på bilen.

– Eg skvatt skikkeleg til då eg forstod kva det var, fortel Simen.

I ettertid viser det seg at truleg var ein havørnunge som flaug på bilen.

– Vi har vore i kontakt med fuglekjennar Alv Ottar Folkestad. Han hadde vore i det same området nokre dagar tidlegare, og ringmerka havørnungar. Desse ungane var truleg på veg ned til sjøen, og er ikkje heilt flygedyktige. Det er likevel berre dagar før dei kan flyge skikkeleg, fortel assisterande rådmann Eldar Rune Øye.

Han organiserte eit søk etter fuglen fredag, men fekk melding frå Folkestad om at situasjonen ville gå seg til.

Simen Henry Barstad fortel at det var to ørner i området, og at dei såg ut til å halde saman.

– For meg seg det ut til at ørna som trefte bilen halta litt, fortel han.