Arbeidstilsynet varslar mogleg tvangsmulkt overfor Volda kommune. Årsaka er manglande risikovurdering for tilsette si eksponering for asbest.

Arbeidstilsynet har gått igjennom Volda kommune sitt HMS-arbeid i samband med ei hending vedkomande asbesteksponering i Volda rådhus.

– Det er ikkje lagt fram tilfredsstillande dokumentasjon på at arbeidsgjevar har gjennomført ei god nok kartlegging eller risikovurdering av alle arbeidsmiljøfaktorar. Mellom anna kan ikkje verksemda dokumentere ei god nok risikovurdering knytt til, for eksempel, moglege eksponeringar arbeidstakarar har for asbest, heiter det frå Arbeidstilsynet.

Volda kommune har fått frist til 5. oktober for å få gjennomført ei slik risikovurdering. Viss ikkje, vert det tvangsmulkt på tusen kroner per vyrkedag.