Dagleg leiar Siri Dahl i Ørsta reiselivslag og Naturfestivalen gler seg til starten på den årvisse festivalen denne veka.

Naturfestivalen varer i to veker. Starten er med naturcampen i Romedalen, og avslutninga er med Saudehornet rett opp den 5. august. I perioden i mellom er det ei rekkje arrangement og turar folk kan vere med på.

No er det dei fyrste dagane av festivalen som er viktigast for Dahl og medhjelparane.

Laurdag vert naturcampen i Romedalen etablert, og alt laurdag morgon er det avgang til Molladalen og Bladet for dei som melder seg på denne turen. På Bladet vil Eskil Rønningsbakken balansere, slik han har gjort tidlegare år.

– Ved naturcampen vert det aktivitetar heile laurdagen. Her er det lagt opp til barnevennlege aktivitetar, med spikking, fisking, balansering med steinar, «sirkusaktivitetar» og enkel akrobatikk – alt knytt til naturen, fortel Dahl.

Natursti til Hallehornet

Søndag er det natursti til Hallehornet i tillegg til aktivitetsstasjonane på campen. På Hallehornet skal Rønningsbakken ha ei ny oppvisning, saman med Naomi Bratthammer frå Karmøy.

Rønningsbakken gler seg til naturcampen.

– Eg har delteke under Naturfestivalen i fleire år. Dei fyrste åra var det samlingar med born i klatresiloen i Volda, og turar med vaksne ut i terrenget og til Bladet. Men eg likar å engasjere born. Med naturcampen i Romedalen har vi greidd å finne noko naturleg. Born er framtida, og difor er born målgruppa for oss med denne naturcampen, seier Rønningsbakken.

Han og Dahl håper på stor oppslutnad om naturcampen. I fjor overnatta kring hundre personar, og to hundre totalt var med. Dei håper på minst like mange i år.

– Det er mogleg å køyre heilt fram til Steinstøylen. Vi ynskjer at folk skal vere miljømedvitne, slik at bilane vert fylte opp viss valet vert å køyre heilt fram. Men mange syklar, og nokre går. Vi har også hatt rullestolbrukarar som har teke vegen fram. Alle er velkomne, seier Dahl.

Ho gler seg over vêrmeldingane. For det skal verte varmt og fint heile helga.

– Regnet held seg unna. Det er eg sikker på, seier Dahl.