På Nekken ved Møre-Nytt viser det 25,5 grader. Me var ute og forsikra oss om at folk nyt finvêret. På Ose camping kan du finne Ida Aam og Håkon Vik med dottera Anna Aam Vik. Dei er på åttande dagen ferie i Ørsta, fordi Aam er her frå. I dag bur dei i Bærum, heimstaden hans.

– No er det heilt fantastisk. Herleg med vêr slik som dette, seier Ida Aam. Håkon seier seg samd.

– No får ein verkeleg sett kor flott det er her, seier han.

Vekslet

– Ferien i år blir i området her, der me har vore «Hoven Skylift» i Loen, på Flø og på Overåsanden i Herøy. Men me kan ikkje reise så altfor langt, me har fått ein ny liten sjef, seier Aam og peikar på spedbarnet.

Bevegar du deg ned på Vekslet, Bogen eller Ose-Stranda (kjært born har mange namn), kan du sjå folk som leikar seg i sola og i vatnet.

– Det er kjekt å ha sol og fint vêr. Eg fann nettopp ein glasmanet, og her bur mange. Eg fekk diverre eit sår opp under foten, håper det går bra, seier Johan Bjørdal.

– Ja, det er kjekt med varme, men då er det greitt å få bada, meiner Matias Egset.

Jenny Årvik Skjåstad og Elise Sørheim Aarhus er begge samde om at varme og sol er bra.

– Det er ikkje for varmt heller, det er heilt passeleg. Spesielt når ein kan bade, seier Skjåstad.

– Eg har planar om ferie på Hamar, seier Aarhus.

– Eg var i Stavanger, og har planar om å vere med Elise resten av sommaren, seier Skjåstad.

Hovdevatnet

Bevegar ein seg heilt til Hovdevatnet, kan ein sjå eit yrande folkeliv.

– Det er herleg når sola varmar slik, seier Hilde Karin Myklebust, og fortel at me oppheld oss midt i paradis på slike finvêrsdagar når ein er på Sunnmøre.

– Det er på tide, og eg håpar det held seg slik, seier Roger Myklebust.

– Det er eigentleg passeleg temperatur, meiner Hilde Karin, medan Roger meiner at det ikkje bør bli varmare.

Dei har vore ved Lemonsjøen og gått på fjellet der, og dessutan bada i badebyen Sopot i Polen, nær Gdansk.

Om ein skulle vandre lenger bortover langs strendene på Hovdevatnet, kan ein finne ein del ungar som kosar seg. André Vebenstad Arntsen er blant dei.

– Det er kjekt med varme. Ikkje for varmt, ikkje for kaldt. Seinare i ferien skal eg og familien til Hunderfossen, noko eg gler meg veldig til.

På Vekslet: f.v. Johan Bjørdal og Matias Egset Foto: Åsmund Brunstad Øyehaug