Endeleg lukkast det for den ivrige laksefiskaren Marius Saure Riise (11). Måndag fekk han sin første laks. Det skjedde i Ørstaelva, midt i det verste regnvêret måndag.

– Den vog 3,7 kilo. Så det var veldig kjekt å få den, fortel Marius.

Bestefar Arne og far Johnny Riise er begge ivrige laksefiskarar, og Marius har vore med dei i elva sidan han kunne gå.

Første over tre kilo

I fjor fekk han sin første pjakk. Den vog 1,5 kilo. Laks er fisk over tre kilo, og måndag vart denne grensa sprengt.

Marius fiska på Melsgjerdet, der forholda er svært krevjande når vassføringa er høg, slik den var måndag kveld.

– Først miste eg ein, og det var veldig irriterande. For eg har mist to før det også, fortel Marius.

Fisken han miste måndag tok laust nedover den flaumstore elva, og det var ikkje råd å halde den igjen. Under denne bataljen sa bestefar Arne at han ikkje måtte sleppe fisken nedover. Det hadde Marius i bakhovudet då det nappa igjen.

– Fisken beit og eg slo til. Eg heldt fast i sena så ikkje fisken skule dra ut, og stonga stod rett fram. Men så sa pappa at eg skulle sleppe og det gjorde eg, fortel Marius.

Med hjelp frå faren kom fisken i land, så vidt det var. Sjølv om det er ein pen laks i røykestorleik så skal den fileterast og steikast.

– Eg likar ikkje røkjelaks, fortel Marius.

– Har du laksefeber?

– Eg har det nok av og til.

Torsdag reiste familien til Syden, og der skal dei vere i tre veker. Marius er mellomnøgd med ferieplanlegginga.

– Eg vil heller vere heime å fiske laks, seier han.

Oppsving i fisket

Av dei to store elvane i Ørsta hadde Bondalselva det beste fisket i starten på sesongen. Seinare har den jamna seg ut. Under flaumen måndag var Bondalselva så stor at dei fleste fiskarane heldt seg innandørs. Tysdag vart det tatt nokre fiskar, men mest pjakk.

I Ørstaelva har det vore bra med fisk under og etter flødet.

– Det har vore best fiske i sonene oppe i elva. Mellom anna vart det tatt ein laks på 10,6 kilo på Høgebrua, seier Sindre Moe, som er oppsynsmann i Ørstaelva, og styremedlem i Elveeigarlaget.

Einsleg fiskar: Bondalselva var så stor måndag at dei fleste let vere å fiske. Foto: Rune Sæbønes