Dødsfallet vart stadfesta av Ålesund sjukehus i formiddag. Mannen vart frakta til sjukehuset onsdag kveld, etter å ha blitt henta opp frå Rotevatnet. Han prøve å symje ut til ein flåte på badeplassen på Årneset, men fekk problem og gjekk under.

– Dette er trist og tragisk. Vi prøver no å hjelpe dei pårørande, mellom anna med det praktiske knytt til gravferda, seier ordførar Jørgen Amdam i Volda.

Flyktning

Mannen er i 20-åra. Etter det Møre-Nytt kjenner til kom han til Volda som flyktning. Han har ein slektning i Volda, men ingen nær familie.

Dette er den andre alvorlege badeulykka på to år ved Årneset, og det har blitt diskusjon om noko kan gjerast for å hindre fleire.

Flytte flåte?

Mellom anna har det kome forslag om å flytte badeflåta nærmare land.

– Det er eit stupetårn på flåta, og difor må det vere ei viss djupne under. Dersom flåta skal nærmare land må vi ta ned stupetårnet. Vi prøver også å få til eit samarbeid meg Jeger- og fiskarforeninga, slik at det vert ein tilgjengeleg båt ved badeplassen, seier ordførar Jørgen Amdam.

Kva som er den nøyaktige avstanden ut til flåta kunne ingen svare på fredag, men politiet har operert med ein avstand på om lag 30 meter i sin informasjon om ulykka.