– Det stemmer at desse skilta ikkje lenger har stor nok informasjonsverdi. Vi har vorte kontakta av publikum som har påpeikt dette. Vi har munnleg teke det opp med Ørsta kommune, men vi har diverre ikkje gjort nok skriftleg, men skal ta tak i dette, seier dagleg leiar Siri Dahl i Ørsta reiselivslag.

Reiselivslaget driv informasjonskontor på Ørsta Amfi, og der har kome reisande som har påpeikt feila.

Når det gjeld vegsamband, er ikkje Eiksundsambandet med. Heller ikkje Kvivsvegen, og viss publikum lit på skilta åleine, risikerer dei å måtte vente lenge på at det skal gå ferje mellom Eiksund og Rjånes.

– No er det nok slik at reisande i hovudsak hentar informasjon frå nettet, og der er det oppdatert heile tida. Likevel er det uheldig at det står skilt som villeier, seier Dahl.

Ho fortel at då Ørsta Reiselivslag flytta turistkontoret frå Karjolen og til Kunsthuset i fyrste omgang, vart det diskutert om skiltet som står der skulle verte med på flyttelasset. Det vart det ikkje, og det var nettopp det at skiltet er misvisande som var årsaka.

– Vi har snakka om, at vi berre skal ta det ned, med det har diverre ikkje vorte noko av det, seier Dahl.

I si tid var desse informasjonsskilta eit samarbeidsprosjekt mellom Ørsta og Volda kommunar. Dei vart sette opp på sentrale stader på innfartsårene til Ørsta og Volda. Mellom anna ved ferjekaia i Solavågen.

– No har eg irritert meg i mange år over desse infotavlene som står ved hotellet og alle ferjekaiene i Ørsta og Volda. Der er framleis ferje Rjånes -Eiksund, ingen Eiksundtunnel, eller Kvivsveg. Kva skal turistane med slik desinformasjon?

Det spør ein tipsar som har kontakta Møre-Nytt om skilta.

Rjånes-ferja: Ifølgje informasjonsskilta skal dei reisande framleis ta ferje mellom Eiksund og Rjånes. Eiksundsambandet er ikkje teikna inn. Foto: Rune Sæbønes