Ulykka skjedde ved badeplassen på Årneset i Volda i 19-tida onsdag. Her har kommunen lagt ut ei badeflåte som ligg 40-50 meter frå land.

Dramatisk

Augevitne fortel til Møre-Nytt at ein mann prøvde å symje ut til flåta. Så fekk han problem med å halde seg flytande, og gjekk under. Dei var mange vitne til hendinga og fleire deltok i den dramatiske redninga.

- Han var under vatn i rundt tre minutt, meinte eit av augevitna. Ein annan meiner det kan ha vore mellom tre og fem minutt.

Ulykkesstaden ligg ikkje så langt frå sjukehuset, og det gjekk ikkje lenge før ambulansane vart på plass.

Bevisstlaus

Mannen skal ha vore bevisstlaus då han kom i land, og det vart sett i gang livreddande tiltak. Politiet har ikkje gått ut med opplysingar om tilstanden til mannen, som vart frakta til sjukehuset i Ålesund med luftambulanse. Sjukehuset opplyser til smp.no at mannen, som er i 20-åra, er "kritisk skadd".

Same som i fjor

I fjor sommar var det ei tilsvarande ulykke på badeplassen. Ein ung mann med utanlandsk bakgrunn gjekk under vatn då han forsøkte å symje ut til den same badeflåten. Han var i koma i fleire dagar,men vakna opp att.

Også denne gongen har den involverte utanlandsk bakgrunn, etter det Møre-Nytt kjenner til.