Om nokon skulle vere i tvil:

– Juni var våt. Og juli er uvanleg kald så langt, seier Endre Standal.

Geitebonden frå Ytre-Standal samlar inn verdata kvar dag, og har full oversikt over utviklinga dei siste 14 åra.

– Først skreiv eg berre ned temperaturar. Etter eit ekstremvêr i august 2003 byrja eg også å måle nedbør. På eitt døgn 14.-15. august kom det 155 millimeter. Det har eg ikkje vore i nærleiken av å registrere sidan. Denne nedbøren vart målt i ei bøtte. Deretter skaffa eg med skikkeleg nedbørsmålar, fortel Endre Standal.

Det siste Endre Standal gjer før han tar kvelden er å lese av verdata. Og noko av det første han gjer fleire dagar i veka er å legge ut kommentarar på Facebook. Dette skjer grytidleg.

– No er det sommartid. Det betyr at eg står opp rundt 04.30. Om vinteren er det meir å gjere i fjøset, så då står eg opp ein time tidlegare, seier han.

Om juli-vêret skriv han: «Skal ikkje juli 2017 kome ut som kring juli 2005 og 2015, med temperaturar på 13,2 og 12,7 i middeltemperatur må longtidsvarslet for neste veke slå til, og helst vare ut månaden»

Kaldt og vått

Også i fjor klaga mange på sommarvêret, men då var det 13 dagar med temperatur over 20 grader i juli. Første dag med meir enn 20 grader på Ytre-Standal i år var laurdag (15. juli).

– Berre ein gong før her dette skjedd seinare i juli. Det skal mykje til for at det ikkje blir den kaldaste juli eg har registrert, seier Endre Standal.

Ein finversdag gjer ingen sommar. Søndag og måndag regne det igjen. Og det i store mengder.

– I dag kan det bli det våtaste julidøgnet eg har registrert, sa Endre Standal då Møre-Nytt var i kontakt med han måndag morgon.

På dette tidspunktet stod regnbyene i kø. Rekorden er på 38,5 mm, og er ti år gammal.

Klimaendring

Juni var også våt, men det var eit stykkje frå rekorden på Ytre-Standal.

–Juni var den femte våtaste i perioden 2004–2017. Det var 147 millimeter, og det er berre 18,5 millimeter meir enn gjennomsnittet for målingane på Ytre-Standal.

Klimaforskarane har varsla våtare somrar og mildare vintrar på den norske Vestkysten. Verobservatøren konstaterer at det har det blitt slik.

–Eg har berre halde på med dette i 14 år, men på denne tida har eg sett ei utvikling som ikkje lovar bra vidare framover. Då eg var ung var det gode somrar, og vintrar med stabilt godt vintervêr. Det har vi ikkje lenger. Det stabile vintervêret er vekke. Laksefiskarar treng ikkje uroe seg. Det er verre med dei som likar å gå på ski.

Statistikk er statistikk. Og Endre Standal held seg helst til det. Å spå om vêrutviklinga for resten av sommaren vågar han seg ikkje på.

– Vêrvarselet lovar at det skal bli varmare ut i veka. Så får vi sjå om vi endeleg får ein julidag over 20 grader. Eg har ikkje avlyst sommaren enno. Slutten av juli og august kan rette opp mykje. Og i fjor hadde vi ein uvanleg varm september.

Men så var det statistikken då. I august 2003 regna det så mykje at Endre Standal kjøpte seg nedbørsmålar. Og 9. august i fjor kom det 101 millimeter på eitt døgn. Men slikt er det pessimistane som heng seg opp i.

– Eg er framleis optimist for sommaren 2017, seier Endre Standal.

Systematisk: Verobservasjonane til Endre Standal er samla i bøker - ei for kvart år. I tillegg blir det ein del lappar med notatar. Foto: Arkiv Svein Aam