Jan Roger Bjørkedal i Ørsta viltnemnd fortel at han fekk ei melding om saka.

– Me rykte då ut for å sjå korleis det stod til, og det viste seg at han hadde sprengt buken og slepte seg bortetter vegane. Dette gjorde at me avliva han på staden, sidan me i viltnemnda er pliktige til å avlive lidande dyr.

Bjørkedal seier at den truleg har vorte påkøyrd av ein bil eller at oteren forvilla seg inn i ein båtpropell. Han seier også at oteren er no teken vare på for eventuell vidare undersøking av årsak.

– Dette er ikkje nokon enkel jobb for våre utsendingar å gjere, det er ein heiderleg jobb som har blitt gjort her. Slik sett er det enklare å fare på jakt.

Han opplyser om at dette ikkje er noko direkte vanleg oppdrag.

– For det fyrste skal du ha ein trygg bakgrunn og utgjere inga fare dersom du skal ta i bruk skytevåpen i tettbygde strøk slik som her. Elles kan eg seie at påkøyrslar av otrar er ikkje uvanleg, og me får sjeldan beskjed. Men då skjer det ofte lenger ut på landet.