I fjella var det nysnø. Temperaturen i lufta var ni grader. Likevel, det er ferie. Dei tre damene ville berre oppleve Syden-stemning.

Dei pakka saman badeutstyret, og reiste til badestranda på Sæbø. Med seg hadde dei badedrakter, solparasollar, solkrem og det som høyrde til.

Strandkos

Medan skodda var grauttjukk i fjella, regnet hølja ned, kosa dei seg på stranda.

– Vi har høyrt rykte om at den spanske heitebylgja er på veg. Vi er klare, melde Linda Stokke på Instagram, illustrert med eit bilete der dei tre damene «sola» seg på badestranda.

På ei anna melding heitte det «ferie er ferie. Ni grader og nysnø i fjella. Sjølvbruningskrem har vi rulla oss i før».

– Eg kom til at vi måtte finne på noko sprell. Det var eigentleg innever. Då huska eg at eg såg noko tilsvarande i fjor, og kontakta dei andre. Vi var samde om at no reiser vi til «Syden», fortel Linda.

Grisevêr

Ho vedgår lett at det var eit skikkeleg grisevêr måndag, og då dei kom til badestranda skjøna damene at dei ikkje var åleine om å synest det. For på badestranda var der ingen andre.

– Det var vel ingen andre som trudde at varmebølgja var på veg, seier Linda med eit smil.

På badestranda prøvde dei å sole seg, men det var ikkje særleg futt i solstrålane. Då var det betre å bade.

– Vasstemperaturen var heilt perfekt. I alle fall kjendest det heilt fint. Truleg har det noko med adrenalinnivået å gjere, humrar Linda.

Ho vedgår at stunda på badestranda ikkje vart veldig lang.

– Og då eg kom heim, var det berre å fyre i omnen.

Finvêr på veg

No vert det ikkje nokon ny tur til badestranda før varmen kjem. Det kan skje allereie onsdag og torsdag. Det er faktisk meldt temperaturar i skuggen torsdag på rundt tjuefem grader.

– Det hadde vore herleg, seier Linda.