Ørsta kommune har tidlegare søkt om tilskot til skredsikringstiltak for Vallabøen. No har NVE gitt tilsegn om tilskot på åtti prosent av kostnadane for tiltaket. NVE sin del er oppad avgrensa til 38,6 millionar kroner eks. mva. Dei gjer kommunen merksam på at tilsegn om tilskot er basert på innsendt dokumentasjon, og at tilskotet ikkje kan oppjusterast seinare om gjennomføringa av tiltaket skulle få auka kostnader.

NVE meiner at skredsikringstiltaket på Vallabøen har høg nytteverdi i høve til kostnadene, og legg særleg vekt på at tiltaket vil gi auke tryggleik for liv og helse til mange menneske.

– Tiltaket vil særleg gi auka tryggleik for mange skulebarn, sjølv om tiltaket ikkje vil gi skulen tilfredsstillande sikring i høve tryggleiksklasse 3. NVE har vurdert søknaden opp mot andre innkomne søknader motteke i 2016, og funne grunn til å prioritere denne både ut frå vurdering av nytte/kost og risikoen ved skred, heiter det i grunngjevinga frå NVE.

Det vert understreka frå NVE si side at tilsegn ikkje inneber nokon form for løyve til å starte bygging.

– Vi gjer òg merksam på at kommunen sjølv må ordne tilhøve til dei private interessene som er berørt av tiltaket, og få rett til grunn der tiltaket skal plasserast.

At det er skredfaren på Vallabøen var kjent før bustadfeltet i området var regulert og bygt ut på slutten av 1970-talet. Skredfaren var eit tema i reguleringsarbeidet, og vart særleg aktualisert i 1979 i samband med skred frå Skytjedalen. Etter raset vart det bygt rassikringstiltak i «Fonna».

Rasfaren på Vallabøen vart greidd ut på 1980-talet. I 2009, etter møter mellom kommunen og NVE, vart det konkludert at kommunen måtte kartlegge på nytt kor stor risikoen for skred er i området. I tillegg til å få utarbeidd eit kostnadsrekna sikringsprosjekt. I ettertid har Ørsta kommune engasjert NGI som konsulent for å utarbeide oppdatert rasfareutgreiing.

Tilskotet frå NVE vert utbetalt når anlegget er gjennomført, synfart av NVE og sluttrekneksapen er godkjent og rekneskapet er attestert av revisor.