kjetting: Stig Helset og Vegard Hundsnes med nymontert kjetting på Saksa. Foto: Iver S. Viddal (Foto: Iver S. Viddal)

kjetting: Stig Helset og Vegard Hundsnes med nymontert kjetting på Saksa. Foto: Iver S. Viddal Foto: Iver S. Viddal

1 / 1

Fyrste del av Hjørundfjordegga er klar med merking og kjetting

Fyrste delen av Hjørundfjordegga er klar for fjellfolket. Enno står det ein del arbeid att før heile turen er ferdig lagt opp.

– Vi har lagt opp kjetting mellom «saksene» på Saksa, og vi har byrja å merke. Vi har hatt eit mål om å verte ferdig til september, men om vi rekk det, veit vi ikkje enno, seier initiativtakar Stig J. Helset.

Hjørundfjordegga er ei luftig fjellrute frå Urke/Lekneset via Saksa og Breifonnhornet til Elsandtindane.

– I tillegg til kjettinglekkja mellom saksene, er det no merkt sti til Breifonnhornet og vidare til skaret mellom dette fjellet og Røyrfonnhornet.

Fleire alternativ

Frå skaret mellom Breifonnhornet og Røyrfonnhornet er det meininga å merke og rydde rås både ned Maradalen til Hjørundfjorden og ned Røyrfonndalen til Urkedalen. Det er også gjort avtale med Daniel Storeide om at folk kan ringje han for å leige båtskyss viss folk vel å gå ned til fjorden i enden av Maradalen. På dette viset vil det etter kvart bli mogeleg å gjennomføre ein større rundtur utan bruk av bil direkte frå ferjekaia på Sæbø.

– Men Helset understrekar at dei tenkte resene ned Maradalen og Røyrfonndalen så langt verken er rydda eller merkte. Førebels rår han såleis folk som vil prøvegå egga, til å snu ved Breifonnhornet, og gå same veg tilbake til Urke/Lekneset.

Flott utsikt

Når heile ruta er klar, vil det kome større informasjonsskilt ved inngangen til resene på Urke og på Lekneset. Det vert også enkle skilt oppe på fjellet.

– Hjørundfjordegga er eit konsept vi har stor tru på. Den delen vi har fått klar, er ein flott tur. Han gjev Sunnmørsalpane si flottaste utsikt. Folk kan sjå mot Norangsfjorden på eine sida, og mot Hjørundfjorden på andre sida, fortel Helset.

Dei fleste som går på Saksa, stoppar på den sørlegaste toppen. Den kjettingen som no er montert, gjer det mykje tryggare å ta seg over svaet bak den sørlegaste Saksa og vidare nordover til den nordlegaste av «saksene», og altså også til Breifonnhornet.

– På veg opp til Breifonnhornet er det noko småklyving, og det er litt luftig. Det er ikkje spesielt fysisk krevjande, men det er ikkje for kven som helst. Folk må sjølve vurdere om dei vil gå der, seier Helset.

– Fjellvande folk kan lett gå åleine. Det vil også verte lagt opp til at folk kan leige gaid, for dei som måtte ønske det.

Elsandtindane

Formannskapet har gjeve initiativtakarane til Hjørundfjordegga løyve til å leggje fleire lekkjer med kjetting, for slik å sikre og merke ruta vidare frå skaret mellom Breifonnhornet og Røyrfonnhornet opp den luftige og krevjande egga opp mot Elsandtindane. Dette vil ikkje bli gjort sommaren 2017.

Initiativtakarane ønskjer å sjå aktiviteten på fjellet før dei eventuelt vil utføre vidare tilrettelegging. Mest truleg vil den krevjande delen av Hjørundfjordegga frå Røyrfonnhornet til Elsandtindane bli ståande umerkt og usikra for fjellvande folk som kan sikre seg sjølve eller som vil leige gaid.

Meir å lese på Møre-Nytt:

Hjørundfjordegga er eit konsept vi har stor tru på. Den delen vi har fått klar, er ein flott tur. Han gjev Sunnmørsalpane si flottaste utsikt.

ruter: Rutene til Hjørundfjordegga er merka med raudt.
(Foto: Privat)

ruter: Rutene til Hjørundfjordegga er merka med raudt. Foto: Privat

Dette vert lest no:

Drukningsulykka i Volda

- Dette må ikkje skje igjen

- To gongar er to gongar for mykje, seier Peter Hasfjord Bjørneset. Ungdomspolitikaren var ein av dei som var vitne til drukningsulykka ved Rotevatnet onsdag kveld.

Rotevatnet i Volda

Same ulykke for andre gong

Ein bevisstlaus mann vart henta opp av Rotevetnet i kveld. Ulykka er nesten identisk med ei hending i fjor.

Gullår for fiskebåtane «Granit» og «Sæbjørn»

Vartdal-båten «Sæbjørn» og den tidlegare Vartdal-båten «Granit» gjorde det godt i fjor.

Mann i ulykke i Rotevatnet

Politiet melder at ein mann er henta opp frå Rotevatnet.

I Ørsta og Volda

Villeiande infoskilt

Informasjonsskilta som skal helse folk velkomne til Ørsta og Volda er utdaterte. Mellom anna er verken Eiksundsambandet eller Kvivsvegen på kartet.

- I barndomen skein sola på sætra kvar dag

Audun Ellingsen er gjest i sommarpraten.

Godt opptak for Høgskulen i Volda

1.442 søkjarar har fått tilbod.

Volda Golfklubb

Deltek i NM

Volda GK skal delta i Lag NM i Stavanger 21. til 23. juli. Fire medlemer reiser nedover for å representere klubben. Det er første gong den lokale klubben stiller lag.

Kommunen må handsame Sætre-saka på nytt

Ørsta kommune må handsame konsesjonssaka til Endre Sætre på Sætre i Hjørundfjorden på nytt. Det har Fylkesmannen i Møre og Romsdal bestemt.