Orda kjem frå Sturla Knutsen, ein av ferievikarane på Vik Ørsta.

– Folk trur at studentlivet er eit tilbakelent og bedageleg liv. I år er fyrste gong eg tek meg ferie utanlands på seks år, seier han. Knutsen fortel vidare at han skal arbeide ut august, som då blir siste sommaren han er her, etter seks somrar i tru teneste hos Vik Ørsta.

Nødvendig arbeid

Akkurat no står han i «Galva» på avdeling Skorgeura med tre andre sommarvikarar: Ole Martin Steinnes, Kristian Hellebust og Emil Manseth Rebbestad. Steinnes tek ordet.

– Me gjer eigentleg det same alle fire, men me rullerer på. Stålet går gjennom ein prosess: Det kjem inn, går gjennom store rom med automatisert galvanisering som me styrer utanfrå, før me tek det ut, heng det opp, let det tørke, plukkar det ned og sender det vidare til lakking, fortel Ole Martin Steinnes. Han er eigentleg student på automasjons-studie i Ålesund, men jobbar her somrane.

– Det er ikkje alt som vert sendt til lakking. Autoverna som står langs vegane er til dømes ikkje lakka, berre galvanisert. Galvanisering og «forsinking» er eigentleg det same. Det som skjer er at grunnstoffet sink vert lagt på stålet, som gjer at stålet kan halde i 70 år.

Automatisert

Steinnes fortel vidare at mykje av forsinkinga er automatisert, difor er mykje av arbeidet til karane her ute å styre kraner og køyre truck. Det gjer at du treng litt kvalifikasjonar.

– Hadde du som journalist begynt rett her, hadde du trengt ein del opplæring. Viss ikkje hadde du berre fått handarbeid.

Framtidsplanar

– Dette er heilt greitt arbeid, seier Steinnes. Dei andre seier seg samde.

Knutsen er på ein master i samfunnsøkonomi, Hellebust studerer undervassteknologi, medan Rebbestad er usikker på kva han skal gjere. Alle fire karane utanom Rebbestad gir seg med arbeidet til fordel for studie når sommarferien er over, medan Rebbestad håpar på å fortsetje arbeidet.

Målarar på Bjørke

På Bjørke kan ein finne tre jenter som har fått seg sommarjobb hos Tussa. Ei av dei er Lovise Winther Leira.

– Her på Tussa Kraftverk gjer me alt av vedlikehald. Det går mykje i måling og grasklipping, seier ho.

Ho fortel at prosjektet dei no styrer med er å vedlikehalde to hus 50 meter ovanfor telefonkiosken på Bjørke.

– Fyrst kraftvaskar og soppvaskar me, før me malar to strøk.

Ho seier at dei no er på tredje og siste veka av arbeidet med husa, men at dei har andre oppgåver også.

– Me møter opp kvar dag på Haugen i Åmdalen for å få oppgåver. Så når me er ferdige med desse husa, har me målingsarbeid langt inne i fjellet på Åmela kraftverk i Dalsfjorden.

Jobb og litt ferie

– Eg har seks veker jobb, men eg rekk ein tur til Lesvos med fem venninner, fortel Leira.

Fride Kvangardsnes og Inger Marie Sandblost har begge fire-fem veker arbeid, men har likevel fått ordna seg med litt ferie.

– Eg håpar no på at det blir sydenferie då, seier Kvangardsnes.

– Eg var fem dagar i London litt tidlegare i sommar, noko som var kjekt, fortel Sandblost.

Alle tre jentene ivrar i å fortelje at Tussa er ein god arbeidsplass.

Ørstaheimen

På Ørstaheimen finn du Marta Raknes (19) og Jenny Gulla (17). Raknes er halvt om halvt på heimebasert omsorg og Solkroken, medan Gulla er berre på Solkroken.

– På begge avdelingane ordnar eg og Jenny med alt av stell og daglege behov utanom sjølve medisineringa.

Begge to har lyst til å jobbe innan helsesektoren i framtida, men Raknes har søkt på psykologistudiet i tillegg.

– Eg skal jobbe heile sommaren, men Marta rekk ein liten ferie, avsluttar Gulla.

i arbeid: - Me gjer alt av vedlikehald, fortel Lovise Winther Leira. F.v.: Fride Kvangardsnes, Inger Marie Sandblost og Lovise Winther Leira. Foto: Åsmund Brunstad Øyehaug
kjekt: – Me synest helsesektoren er spanade, og vonar ei framtid der, fortel (f.v.) Marta Raknes og Jenny Gulla. Foto: Åsmund Brunstad Øyehaug