Hovden: Ingen Widerøe-avgangar vert kansellerte grunna ferieavvikling.
            (Foto: Kjell Arne Steinsvik)

Hovden: Ingen Widerøe-avgangar vert kansellerte grunna ferieavvikling.Foto: Kjell Arne Steinsvik

Ingen Widerøe-kanselleringar på Hovden

Ørsta – Volda lufthamn, Hovden, vert ikkje råka av moglege Widerøe-kanselleringar i sommar.

Det får Møre-Nytt stadfesta hos Widerøe. Det var i førre veke det vart kjent at Widerøe måtte kansellere fleire avgangar i sommar grunna mannskapsmangel. Feriekabalen gjekk ikkje opp.

– Vi seier oss svært leie for at det vert nokre kanselleringar på nokre av avgangane våre kring om i Noreg i sommar. Det er alltid leitt når reisande vert råka av slikt, seier Silje Brandvoll, direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Widerøe.

Ho poengterer at alle passasjerar som er råka av kanselleringar har fått vite om dette via tekstmeldingar (SMS).

– I desse tekstmeldingane vert det foreslått alternative reiseopplegg, fortel Brandvoll.

– Viss folk har tinga reise hos Widerøe i sommar, og ikkje fått slik tekstmelding, vil flyreisa gå som normalt, seier Brandvoll.

Når selskapet såg at dei måtte kansellere nokre avgangar, har dei leitt etter dei avgangane som har færrast passasjerar.

– Dette for at så få som mogleg vert råka. Her skal det ikkje vere skulekorps eller fotballag som vert sitjande att på flyplassen, seier Brandvoll.

Meir å lese på Møre-Nytt:
Dette vert lest no:

Porsekjellaren er tilbake

Gjenopning av klassisk utestad

Sjå bildeserie:

Storkonsert for fullsett sal

78 elevar frå Ørsta kulturskule viste fram talenta sine på scena onsdag.

Slutt for Amine

Har meldt oppbod.

– Det er eit nytt stort steg for oss

Budsjettforlik med ny satsing på nynorsk.

Vil gjere Ørsta til eit meir demensvennleg samfunn

Alle slag sørvisverksemder kan no få opplæring i korleis dei skal gå fram overfor demente kundar og brukarar. I Ørsta har dei fyrste verksemdene no hatt kurs.

Frå kritisk til betre ved Velle skule

– Vi hadde ein situasjon ved Velle skule som var kritisk ille. No er det betre, seier assisterande rådmann Eldar Rune Øye.

– Sett pris på – reint bokstaveleg

– Å vinne Brageprisen igjen – det kjennest - heilt bokstaveleg – å verte sett pris på!

Nær tusen hos Ørsta Skisenter

– Det vart den beste opningsdagen vi nokon gong har hatt. Og det viser behovet for eit godt fungerande skisenter.