I eit brev til ordføraren i Ørsta peikar sjåførgruppa i Nettbuss Furene på at den smale Osbrua lenge har vore eit problem for tungtrafikken. Når to tunge køyretøy møter kvarandre på brua, er det berre så vidt det er klaring når begge køyretøya har hjula på kvitstripa.

– Rutinen blant lokale sjåførar av tyngre køyretøy er at den eine ventar til den andre har passert. Denne rutinen har ikkje sjåførar som er ukjende i området og som er på gjennomreise, skriv Stig Vinjevoll, leiar i Yrkestrafikkforbundet si lokale avdeling i brevet til ordføraren i Ørsta.

Ordførar Stein Aam er glad for engasjementet til sjåførgruppa.

– Vi arbeider med å få til ei langsiktig løysing for Osbrua. Som du kjenner til er akseltrykket på brua på ti tonn, men effektiv breidde er berre 5,20 meter. Brua er frå 1930 og har stort behov for utviding og forsterking. Dette vil også tilseie stort behov for fortau og gang- og sykkelfelt på begge sider av brua, skriv ordføraren i svaret til Yrkestrafikkforbundet.

Trafikken over Osbrua er stor, og dei siste målingane viser ein årsdøgntrafikk på meir enn 12.900 køyretøy. Mykje av denne trafikken er tyngre køyretøy.

Aam understrekar at kommunen vil ta kontakt med Statens vegvesen så snart ferien er over, og be dei sette opp skilt om smalare veg ved Osbrua.

I tillegg til Osbrua er Høgebrua løfta fram som problematisk av Yrkestrafikkforbundet.

– Dette er ein vanskeleg flaskehals for oss som køyrer buss. Når vi kjem frå Ørsta mot Sæbø, må vi legge oss heilt over i motsett køyrefelt for å klare svingen. Det er difor svært bra om ei ny bru her blir prioritert av fylkespolitikarane, har Vinjevoll tidlegare sagt til Møre-Nytt.