Tussa IKT er i kontakt med grunneigarar om graveløyve til fibernettet. Det er planar om å få etablert fibernett til Sæbø skule, Hjørundfjordheimen på Sæbø og Dalane skule på Brautaset.

Det må hentast inn løyve til garving både frå private grunneigarar, kommunen som grunneigar og Statens vegvesen.

Tussa IKT håper at søknadene om graveløyve vert handsama raskt, då det er hast om ¨få dette på plass. Det er eit mål både på Sæbø og på Brautaset å få fiberkablane på plass til skulestart.