Fleire politikarar har i det siste gitt uttrykk for uro over framtida til Søre Sunnmøre tingrett. Dei fryktar at Domstoladministrasjonen vil «sniknedlegge» tingretten i Volda. Eit element er at lokala til tingretten er umoderne. Leiinga ved tingretten vil modernisere den gamle Sorenskrivargarden, men Domstoladministrasjonen vil flytte til lokala der Sunnmørsheimen heldt til, like ved sjukehuset i Volda.

Vil til Sunnmørsheimen

I eit brev til Ørsta kommune skriv Domstoladministrasjonen (DA) at det vert for dyrt å pusse opp Sorenskrivargarden. Og sidan eit statleg organ pliktar å sjå etter ledige statlege lokale i nærområdet, peikar gamle Sunnmørsheimen seg ut. Det faktum at bygget er vekkregulert i samband med den framtidige Voldatunnellen er ikkje avgjerande, meiner Domstoladministrasjonen.

–DA er innforstått med at det aktuelle bygget sannsynlegvis skal rivast, men slik vi er informert frå Statens vegvesen, er det ikkje fastsett når det skal rivast, skriv DA i brevet til Ørsta kommune.

5-10 år

Ein ny leigeavtale har eit tidsperspektiv på 5-10 år.

– DA ønskjer i denne saka å vurdere om brukarar og tilsette kan få betre arbeidsvilkår i Sunnmørsheimen samanlikna med dei noverande lokala. Det er også viktig at eit alternativ er tilpassa den vanskelege budsjettsituasjonen for domstolane, skriv  DA.