Brunvoll har inngått kontrakt med Ulstein Design & Solutions ASfor levering av framdrifts- og manøvreringssystem til eitekspedisjonscruise-fartøy, heiter det i ei pressemelding fråkonsernet.

Leveransen frå Brunvoll inngår i design- ogutstyrspakken som ligg i kontrakten mellom Ulstein Design &Solutions og China Merchants Heavy Industry (Jiangsu) Co., Ltd(CHMI), for eitt ekspedisjonscruise fartøy.

Skipet som er avUlstein CX103 design, er for reiarlaget SunStone Ships Inc., USA.Utstyret frå Brunvoll skal leverast i løpet av fyrste og andrekvartal i 2018.

Utstyrspakken frå Brunvoll er samansett av gir- ogpropellanlegg, ror med styremaskin, tunnelthrustar ogkontrollsystem til både framdrift, posisjonering og manøvrering.Framdriftsanlegget er eit dobbelskru dieselelektrisk system.Baugthrusteren er med vridbare blad, og rora er konvensjonellespaderor med rotary vane styremaskin. Kontraktspartnar er BrunvollVolda AS.

Brunvoll er ein leiande leverandør av thrustersystem formanøvrering og posisjonering til cruise og yacht segmentet.

– Dennekontrakten er strategisk viktig for oss, sidan han også gir oss einposisjon som systemleverandør til cruisesegmentet, seier HallvardPettersen, dagleg leiar i Brunvoll Volda. Pettersen fortel atordrereserven til Brunvoll Volda av kundetilpassa framdriftsanleggno består av prosjekt til både fiskefartøy, offshore, handelsfartøyog passasjer/cruise.

– Det er viktig for oss å halde oppe einvesentleg marknadsdel i desse hovudsegmenta, poengterer Pettersen.