– Dette kan verte ein konsekvens av at støtta til eksport av merkevare skal fasast ut. No er ikkje Snøfrisk eit produkt som vi nyttar denne støtta til, for vara er såpass eksklusiv at vi kan ta «norsk» pris også i utlandet, men bortfallet av støtta til merkevareeksport vil påverke eksporten av Jarlsberg-osten. Det vil igjen påverke salsleddet vi har i utlandet, og som kan verte vanskeleg å halde oppe dersom Jarlsberg-eksporten fell vekk, seier Cecilie Bjørlo, som er konsernstyremedlem i TINE.

Ho og meieristyrar i Ørsta, Bente Reklev, møtte SV-kandidatane Yvonne Wold og Marit Aklestad til eit møte på Ørsta-meieriet måndag. Tema for møtet var rammevilkåra for norsk landbruk generelt, og for meierinæringa spesielt.

Ørsta-meieriet er inne i ein stor omstillingsprosess. Meieristyrar Reklev viste til historikken, der det i fjor vart vedteke at Ørsta-meieriet skal få tilført kremostproduksjon, men som følgje av det, misser mellom anna brunostproduksjonen.

Mykje av brunostproduksjonen er allereie fasa ut, og det er meininga at han skal vere heilt avslutta i løpet av oktober.

– Då startar vi ombygginga som gjer oss i stand til å setje i gang med meir kremostproduksjon, fortalde Reklev.

Ørsta-meieriet har 51 tilsette og 46,8 årsverk.

Ein av dei store produksjonane som vil ver att, er Snøfrisk-produksjonen. Det vert produsert Snøfrisk både som kremost og som fast kvitost. I Noreg vert den faste osten selt med merkenamnet Kvitlin, medan han i utlandet heiter Snøfrisk, slik den smørbare varianten også heiter. I 2014 opplevde TINE at eksporten av Snøfrisk fall over natta, grunna sanksjonane som vart innførte mot Russland i samband med landet si annektering av Krim-halvøya.

– Vi har dei siste åra opplevd vekst for Snøfrisk i utlandet. Og no er Storbritannia mest ein like stor marknad som Russland var, fortel Reklev.

Då er spørsmålet kva som vil skje med Snøfrisk-osten som eksportprodukt dei komande åra. Då denne eksporten er liten i volum samanlikna med Jarslberg-osten, er salet av Snøfrisk heilt avhengig av at det er salsledd for Jarlsberg på dei internasjonale marknadane.

– Vi vil framleis kunne ha eigne fabrikkar som produserer Jarlsberg. Men det er framleis mykje som vert eksportert direkte, og som er avhengig av merkevarestøtta vi får gjennom prisutjamningsordninga i landbruket, fortel Bjørlo.

Overfor SV-delegasjonen peika ho på at ei av dei store utfordringane for norsk landbrukspolitikk, og dermed også TINE-konsernet, er kva politikk som til ei kvar tid vert ført når det gjeld import og eksport av landbruksvarer.

– Prisen ein dansk bonde får for mjølka si er halvparten av kva ein norsk bonde får. Det seier seg sjølv at dette igjen påverkar prisen. Difor er importvernet så viktig. Og sidan 2001 har importen av ost vorte femdobla. Då snakkar vi ikkje om franske dessertostar, som uansett berre vil vere eit lite tilleggsprodukt. Men vi snakkar om faste ostar, som er den store volumvara, forklarer Bjørlo.

Osteproduksjonen vert ein stadig viktigare del av TINE si verksemd. Det er fordi Noreg ikkje lenger er ein mjølkedrikkande nasjon som vi ein gong sa vi var. For å kunne få avsetning på mjølka, har difor osteproduksjonen auka vesentleg samanlikna med konsummjølk-produksjonen.

Og det er difor TINE no intenst på den eine sida arbeider for å halde oppe importvernet med tollbarrierer på utanlandske tollprodukt, samstundes som konsernet gjerne vil halde fram med ordninga med merkvarestøtte for å eksportere osteprodukt.

– Importen av meieriprodukt til Noreg svarar til no ein mjølkeproduksjon som er større enn for Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal samla, seier Bjørlo.

Eksportvare: Snøfrisk-osten er populær i utlandet.