Det skriv Tine i ei pressemelding. Lageret blir stengt i dei fire vekene arbeidet skal halde på, og deler av produksjonen blir stoppa.

Ei av årsakene til at meieriet i Ålesund no blir oppgradert, er at konsummjølkproduksjonen på Byrkjelo blir stoppa. Byrkjelo-meieriet skal i staden auke produksjonen av Norvegia og brunost.

Avviklinga på Byrkjelo betyr at Ålesund tek over om lag 200 kundar og aukar produksjonen med om lag fire millionar liter i året.

Det meste av lageret blir rive ned for å bli bygt opp at. Då skal det både vere meir moderne og handtere eit større volum, ifølgje Tine.

Normalt får forbrukarane på Sunnmøre mjølk frå vår eigen region, tappa på meieriet i Ålesund. Stenginga i sommar medfører at Sunnmøre blir forsynt med mjølk frå andre stader i landet i sommar, for det meste frå Oslo og Frya. Dermed blir det «melk fra Østlandet» i dei lokale butikkane denne sommaren, melder Tine.