Folkesaksjonen for sjukehuset i Volda har vore kritiske til at sjukehuset skal misse statusen, og fryktar endringa skal undergrave akuttkirurgien ved sjukehuset, skriv NRK Møre og Romsdal.

Dei bad om at Helse Midt-Noreg utsette handsaminga av planen over kven som skal ta seg av hardt skadde pasientar. Dette vart ikkje teke til følgje, og helseføretaket godkjende i førre veke den nye traumeplanen.

I vinter vedtok både det lokale og det regionale helseføretaket at akuttkirurgien i Volda skal haldast oppe.

Folkeaksjonen for sjukehuset meiner at traume og akuttkirurgi heng saman, sidan det er ved traume det er behov for akuttkirugien.

Kommunikasjonsdirektør i Helse Midt-Noreg, Tor Harald Haukås, seier til NRK Møre og Romsdal at revisjonen av traumeplanen ikkje fører til endring for akuttsjukehusa i fylket og traumefunksjonen dei skal ha ansvar for. Volda sjukehus skal ifølgje han samarbeidet med fagmiljøa i Ålesund.