Formannskapet i Ørsta har vedteke å leggje dei nye føresegnene for handsaming av avfall og slamtømming i Ørsta ut til offentleg ettersyn. Også abonnentane i Volda skal få desse til høyring.

Bakgrunnen for dei nye føresegnene er nasjonale mål, og eit vedtak i representantskapet til VØR om ha som mål at seksti prosent av boset skal vinnast tilbake innan 2020.

For abonnentane medfører dette m.a. innføring av kjeldesortering.

Av saksutgreiinga går det fram at endringane i føresegnene får som konsekvens at det vert innført ei ny henteordning for mat/våtorganisk avfall annakvar veke. Vidare at restavfall vert henta kvar fjerde veke, papir/plast vert henta kvar fjerde veke og at det vert ei obligatorisk henteordning for glas/metall kvar 13. veke.

VØR har som mål å kome i gang med obligatorisk innhenting av mat/organisk avfall i løpet av 2018.

– Med utsortering av matavfallet i eigen behaldar, og som vert henta annakvar veke, vil også restavfallet kunne hentast sjeldnare, då fare for lukt/smitte er sortert ut i ein annan fraksjon, kommenterer rådmannen.

I nokre tilfelle kan det verte aktuelt å gjere fritak for kjeldesortering. Det gjeld til dømes der ein eigedom ligg slik til at det ikkje vil vere forsvarleg å krevje kjeldesortering sett opp i mot utsleppa transporten medfører.

I føresegnene vert det vidare lagt opp til ein meir utstrekt bruk av nedgravne innsamlingstankar i sentrumsområda.

I føresegnene er det også eine punkt om fritidsbustader og hytter, og kva krav som vert sett til renovasjonsordninga for dess.

Når fristen for å kome med merknader er ute, er det kommunane som skal handsame desse, og det skal lagast ei felles forskrift for Ørsta og Volda kommunar.

– Fyrst når forskrifta er kunngjort, vil ho tre i kraft. For å kunne kome i gang med obligatorisk innsamling av våtorganisk avfall (matavfall), hastar det såleis med å få vedteke ei ny renovasjonsforskrift, poengterer rådmannen i saksutgreiinga.

Høyringa er sett til åtte veker, og ikkje seks, fordi det no er sommarferie.