Statens vegvesen stadfestar at dei vil fullfinansiere utbygginga av nytt kollektivknutepunkt i Ørsta. Dei ser føre seg å lyse ut arbeidet i oktober 2017, med sikte på oppstart tidleg i 2018.

– Det er ei gladnyheit at Statens vegvesen no vil finansiere nytt kollektivknutepunkt i sentrum. Det såg lenge ut til at kommunen måtte ta heile kostnaden på prosjektet, heiter det på Ørsta kommune si heimeside.

Avtalen med Statens vegvesen er ikkje formalisert enno, dette vert fyrste ledd i prosessen med overtakinga av prosjektet. Etter planen vil Statens vegvesen ta over eigedomen som knutepunktet ligg på. Avtalen vil også inkludere ein klausul om at kommunen skal få tilbake eigedomen, om Statens vegvesen ikkje lengre skal nytte området til knutepunkt.