Anten du planlegg jonsokfeiring i fjøra eller på fjellet, håper vi i Møre-Nytt at du sender inn bilde av bål, grillkos, lurvetog og andre aktivitetar under jonsok-feiringa.

Du kan sende bilde på e-post til redaksjon@morenytt.no eller bruke #mørenytt på Instagram.

110-sentralen i Møre og Romsdal ønskjer på Twitter alle i Møre og Romsdal ei fin jonsokfeiring.

- Tenk branntryggleik, bruk reint trevirke og ha sløkkeutstyr tilgjengeleg, er oppmodinga frå dei.

Vêrvarselet for jonsokkvelden kunne vore både betre og verre. Det er meldt lett regn, og rundt 14 grader. Laurdag er det meldt noko lettare vêr, og mindre nedbør.