Kystverket har tilbode Volda kommune å kjøpe fiskerihamna for ein million kroner. Kommunen har stilt spørsmål ved korleis taksten er sett, men rådmannen tilrår likevel å gå vidare med kjøpet, men at ordføraren får fullmakt til å forhandle med Kystverket om ulempekostnaden som skal trekkast frå kjøpesummen.

– Moloen og hamna vært sett på som ein stor del av identiteten til Volda sentrum, og eit område med eit stort utviklingspotensiale. Det vil derfor være tenleg at kommunen eig dette anlegget.

Det har kome krav frå Fiskeridirektoratet om at Volda kommune tek på seg å legge til rette for minst tre fiskebåtar i hamna til ei kvar tid.

– Kommunen og Kystverket må diskutere kor mykje kostnad kommunen taper i inntekt ved dette kravet. Summen kommune og Kystverket blir samde om skal trekkast frå kjøpesummen.

Taksten på eigedommen er på 1.150.000 kroner. Det er estimert 150.000 kr i vedlikehaldskostnader som er trekt frå taksten.

– Administrasjonen meiner denne taksten ikkje kan vere rett og oppmoda Kystverket om å gjennomføre grundigare undersøkingar av moloen, og eventuelt senke taksten tilsvarande utbetringskostnaden. I møte 8. juni mellom Volda kommune og Kystverket, klargjør Kystverket at alle fiskerihamner blir solgt med dei same førestenadene og salssummen vert ståande på 1 mill. kroner, skriv rådmannen.

– Administrasjonen har vore redd for at moloen hadde betydelige setningsskadar som takstmannen til Kystverket ikkje hadde teke høgde for. Brystvernet som tidligare var på moloen har forsvunne, og toppdekket på moloen er skeivt grunna setningar i moloen. Brøytemannskap er urolege for å hamne på sjøen medan dei brøyter vegen på moloen på grunn av hellinga på toppdekket og manglande brystvern, legg han til.

Det har vore gjennomført målingar, som har gjort at administrasjonen er mindre uroa enn før. Men ein kan ikkje vere heilt sikker utan å gjennomføre grunnundersøkingar, som vil medføre ein ekstrakostnad.

Planen er at kapitalkostnaden ved kjøpet skal dekkast inn med leigeinntekter frå Volda småbåtlag og andre som ønskjer å leige plass i hamna. Småbåtlaget brukar i dag anlegget vederlagsfritt, og har stilt seg skeptiske til å betale leige. Rådmannen meiner det er unaturleg at private skal kunne bruke hamna utan å betale.