For andre gong har båteigar Arne Koppen opplevd skadeverk på båten sin i småbåthamna i Ørsta.

– Denne gongen har skadeverket skjedd mellom laurdag og onsdag. Noko har kasta i alle fall to steinar mot båten, og den eine glasruta er knust, og det er skadar i plastikken, fortel Koppen.

Ved reinseanlegget

Han eig ein 16,5 fots Hansvik, og båten har eit lite overbygg med kalesje. Båten har plass i hjørnet mot reinseanlegget til Ørsta kommune.

Eg håper nokon kan ha sett kva som har skjedd, og kan gje tips til politiet om dette, seier Koppen.

Mest truleg er det nokon som har stått på land, og som har kasta stein mot båten. Han fann to steinar, ein om bord, og ein på bryggja, på storleik med ein knyttneve.

– Dette er andre gongen eg har opplevd skadeverk på båten. Førre gong var det mindreårige som stod bak, og eg fekk betalt for utgiftene eg hadde, fortel Koppen.

Overvaking

Han synest skadeverket er veldig trasig.

– I løpet av dei siste dagane har også ein benk vorte knust til pinneved her. No håper eg det kjem overvakingskamera, seier Koppen.

Skadeverk i småbåthamna. Foto: Rune Sæbønes