Kurset er for ungdom over 12 år som er interessert i fotografering, og som ynskjer å lære meir om portrettfoto. Tonje Sætre Indrearne er kurshaldar. Ho er fotograf og blomsterdekoratør og underviser på lina for design og handverk ved Ørsta vidaregåande skule. Tonje har studert fotodokumentar og ho har hatt fleire fotoutstillingar.

Kurset er for nybyrjarar. Det vil bli lagt vekt på motiv, og ikkje på utstyr og teknikk. Både mobilkamera og andre fotoapparat kan brukast. Dei som får plass på kurset tek med seg kamera/mobiltelefon. I tillegg tek deltakarane med papirkopi av to portrettfoto som er tekne tidlegare. Desse kan brukast som utgangspunkt for å få innspel til kva som skal til for å ta gode portrettfoto.

For deltaking er det «først til mølla» -prinsippet som gjeld, så dei som ynskjer å vere med på kurset bør melde seg på snarast.

For meir informasjon blir det vist til omtale i festspelavisa for Dei nynorske festspela og til festspela sine annonser i lokalavisene.