Reagerer på at bygd vert sett opp mot bygd i barnehagedebatten

– Vi vert omtalt som nedleggingstruga og at vi er ein overskotsbarnehage, ein avlastningsbarnehage for dei andre barnehagane i kommunen. Det er vi ikkje. Liadal barnehage går godt. Det vert feil å bruke oss som eit argument for at dei ikkje skal få utvida barnehagetilbodet på Sæbø. Faktum er at vi ikkje hadde greidd oss så lenge som vi har gjort, hadde vi fungert berre som ein avlastningsbarnehage. Vi har mange som ønskjer å gå her.

Det seier Myklebust som ein reaksjon på debatten i kommunestyret torsdag, der det mellom anna vart sagt at politikarar fryktar for barnehagen på Liadal, dersom Sæbø får utvida barnehagetilbodet sitt. Dersom det vert fleire barnehageplassar på Sæbø, vil det gi fleire ledige plassar i sentrum, som igjen vil føre til færre barn i Liadal barnehage – er spådomen.

– I dag har vi 28 barn i barnehagen. Til neste år får vi 32. Vi har også utvida med ein pedagog i staben og har generelt svært god pedagogdekning. Dette skjer, utan at vi har rekna med dei som eventuelt måtte kome frå sentrum, dersom Sæbø ikkje får utvida tilbodet sitt. Vi ønskjer heller eit fokus på kva kvalitetar vi har som barnehage.

Liadal barnehage er ein privat barnehage, ein såkalla naturbarnehage, som har eksistert i 30 år.

– Den største utfordringa vår, slik eg ser det, er mangelen på tomter i Liadal. Dersom folk ikkje får etablere seg her, er det dette som utgjer den største faren for barnehagen, vurderer Myklebust.

Dei er også den einaste barnehagen i kommunen som tilbyr oppstart i barnehagen frå januar – utan at foreldra må betale frå august året før.

– Det gjer at vi kanskje er litt færre barn på hausten, og at vi aukar utover året. Det positive med det er at vi er fleire vaksne per barn.

I kommunestyret førre torsdag sa eit stort fleirtal av politikarane ja til å utvide barnehagetilbodet på Sæbø- så snart det let seg gjere. Tilbodet skal vere mellombels og skal verte oppretta så snart som praktisk mogleg til hausten. Vidareføring av tilbodet på kort og lang sikt skal verte vurdert i samband med budsjetthandsaminga for 2018 og økonomiplanarbeid i perioden 2018–2021.

– Eg forstår godt foreldra som ønskjer tilbod til barna sine på Sæbø. Det er større avstand for dei til sentrum, enn det er for dei som kjem frå sentrum og bruker Liadal. Vi ønskjer at folk skal velje oss på grunn av tilbodet vårt, og ikkje fordi dei ser på oss som ein avlastningsbarnehage. Vi har stort boltreareal både inne og ute, og har fjøra på nedsida av barnehagen og skogen og fjella på oppsida. Vi har ingenting imot at foreldre på Sæbø ønskjer ei satsing på barnehagen der. For oss er det ingen vonde kjensler. Samstundes er vi også realistiske med tanke på framtida. Får vi ikkje fleire tomter her, har det meir å seie for oss. Men vi vil halde drifta oppe så lenge det er behov for oss. Tala på barn varierer frå år til år. No er vi inne i ein god periode, uavhengig av barnehagetilbodet på Sæbø, seier Myklebust.