Skulesjef: Kirsti Øy Driveklepp.
(Foto: Janne-Marit Myklebust)

Skulesjef: Kirsti Øy Driveklepp. Foto: Janne-Marit Myklebust

Velle skule får minoritetsklasse

Velle skule får ei eiga introduksjonsklasse for minoritetsspråklege elevar.

Det har kommunestyret samrøystes vedteke.

Bakgrunnen er ein kraftig auke i talet på elevar i Ørsta-skulen som ikkje har norsk som hovudmål. Og no vil altså kommunen opprette ei eiga klasse for desse.

Skulesjefen meiner det hastar med ei utbygging av Velle skule, ei sak som no er utsett.

– Rask start på nybygging av klasserom ved Velle skule er tvingande naudsynt. Frå hausten, og til nybygde klasserom står klare, vil Velle skule måtte flytte deler av kunst- og handverksundervisninga til underetasjen i kulturhuset for å kunne frigjere eit rom til introduksjonsklassa, seier Kirsti Øy Driveklepp.

Meir å lese på Møre-Nytt:
Dette vert lest no:

Fortvilar over skadeverk

Arne fekk båt skadd etter steinkasting.

Store utfordringar med fyrsteslåtten

Bøndene i Ørsta har utfordringar med årets fyrsteslått, grunna mykje nedbør. Dei fleste ligg langt bak skjema.

Siste sirkus på Utstillingsplassen

Torsdag vart sirkusteltet til Cirkus Arnardo reist på Utstillingsplassen i Ørsta for siste gong.

Elevane sigra mot lærarane

I år var det elevane ved Ørsta ungdomsskule som kunne juble høgast i den tradisjonsrike fotballkampen mellom elevane og lærarane.

NAV til Tindebygget

NAV Ørsta og Volda flyttar frå Strandgata til nye lokale i Tindebygget i Ivar Aasen-gata.

Kommunen kjøper hamna i Volda

I dag vedtek truleg Volda kommune at dei kjøper den statlege fiskerihamna i sentrum frå Kystverket.

Åtvarar mot kulturhus i sentrum

Rådmannen i Volda åtvarar mot å insistere på eit kulturhus i sentrum framfor samarbeid med høgskulen på campus.