Og onsdag heldt lokalbanken sitt første kundeseminar i kantina i bygget der også Furene AS er lokalisert. Banksjef Arne Lothe kan vise til gode og romslege lokale som er innreia heilt og fullt etter banken sine ønske, mellom anna med lydtette rom. Og no har avdelingsbanken også betre moglegheiter for å arrangere kurs og mindre seminar.

– Då Nordea sine kontor i Ørsta og Volda vart samlokalisert i Volda i 2013, sa vi at vi ein gong skulle etablere oss midt mellom Ørsta og Volda. Det høver godt i ein situasjon der tusen ørstingar pendlar til Volda kvar dag, og 800 voldingar pendlar til Ørsta. Det er også busstopp rett utanfor døra her. Men det er også slik at folk brukar ikkje banken på same måte som før. Mykje vert ordna på telefon og nettet, og vi har døgnopen kundesørvis-telefon året rundt. Det viktigaste er at kundane får rask og god sørvis, og svar på dei spørsmåla dei har, fortel Lothe.

Den «nye» banken i Furene har difor ikkje eit tradisjonelt kundesenter for drop-in kundar. Kontoret fungerer som eit moderne rådgjevingskontor med kompetanse på sparing, pensjon, lån og forsikring,

Arne Lothe er godt nøgd med Nordea Volda og Ørsta si utvikling med vekst i utlåna.

– Lokalt er det sunn konkurranse, og vi treng alle tre bankane i kommunane, meiner Lothe.

Sjefsstrateg

Under kundekvelden presenterte sjefsstrateg i Nordea, Leif Rune Rein, Nordea sitt marknadssyn og korleis ein forventar at Trump, Brexit og meir kan påverke marknaden framover.

– Det har gått frå ein negativ til ein positiv situasjon for den europeiske marknaden, og Europa er no ein favoritt mellom investorane. Årsaka ligg i at det går bra for selskapa der det ikkje berre er kostnadskutt som driv innteningsveksten. Og det ligg ikkje politiske årsaker bak veksten, sa Rein m.a.

Investeringsrådgjevar Jon Valaker orienterte om den nye ordninga med aksjesparekonto som vert kalla ei skattegåve frå regjeringa. Ordninga gjeld både aksjefond og enkeltaksjar (aksjefond må ha ein aksjedel på 80 prosent eller meir.

– Skattereglane er spesielt gunstige og ein kan selje og kjøpe aksjefond og aksjar utan å måtte skatte av gevinsten. Skatten kjem først når det totale uttaket frå aksjesparekontoen overstig det opphavlege innskotet, fortalde Valaker.

Han meiner ordninga vil vere svært positiv for alle investorar som har eller ønskjer å gjere investeringar i aksjar og aksjefond på privat hand, og som synest det er omfattande å setje opp eit eige aksjeselskap.

Nordea planlegg å kome med ei løysing for aksjesparekonto så snart som mogleg etter endeleg godkjenning og mest truleg i september, kanskje før.

Banksjef: Arne Lothe er godt nøgd med dei nye lokala i Furene som er forma ut heilt etter banken sine ønske. Kontora er kalla opp etter lokale fjell. Foto: Roy-Arne Folkestad