– Vi har no fått utarbeidd ein saneringsrapport frå Ose Ingeniørkontor som formelt gir rivingsløyve. No skal vi hente inn tilbod frå lokale entreprenørar slik at vi får rive og sanert det gamle huset raskast råd, seier teknisk sjef Rolf Magnus Sundgot.

Det aktuelle huset er løyst inn og Sundgot rosar huseigaren for godt samarbeid i samband med dette. Han rosar også Lars Oscar Fossen Øvstegård og Sparebanken Møre ved Line Wiik Bjerknes som pådrivar og initiativtakar for ein dugnad i vinter. Han resulterte i 270.000 kroner som skal gå til trivselsfremjande tiltak for alle i sentrum, inkludert å gjere portalen og inngangen til Ørsta i enden av Osbrua meir tiltalande.

Nabohuset

Kommunen har også sett av midlar for saneringa og opparbeiding av området. Også nabohuset til huset som no skal rivast er regulert vekk og det er sett av midlar til sanering, men det er ikkje inngått frivillig avtale om innløysing av eigedomen.

Det var også meininga å opparbeide parkeringsplassar for lærarane ved Velle og lage ein av- og påstigingsplass for elevane som ei lita rundkøyring ved skulen.

– Men grunna mogleg utviding av Velle skule mot elva må desse småprosjekta kanskje utsetjast. Saka skal no politisk handsamast, seier Sundgot.

Han er nøgd med at innfallsporten til Ørsta no vert finare og meir tiltalande etter husrivinga. Også for at Vik Ørsta truleg vil sponse området med tre flaggstenger. Området langs Osbrua får også ein fargerik støyskjerm.

Lars Oscar Fossen Øvstegård, som ivrar for eit penare sentrum, er også nøgd.

– Kommunen har gjort ein utruleg innsats for sentrum og Rolf Magnus Sundgot fortener skryt. Eg er glad eg har fått vere med i prosessane der alle har jobba mot same mål, seier Øvstegård.

På sikt ser Rolf Magnus Sundgot føre seg at det vert bygt ei rundkøyring i krysset ved Shell og Velle.

– Dette der den einaste gode løysinga eg ser for trafikksikringa der. Dette vil gjere at farta vert dempa og rundkøyringa vil fordele trafikken på ein betre måte enn i dag. Her må Statens vegvesen kome på bana med velvilje, seier Sundgot.

Han ønskjer også ei oppgradering av Osbrua som vart bygt i 1930. Tanken er å få bygt gang- og sykkelveg på begge sider av brua.