(smp.no): Aktor, statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim, har teke ut den alvorlege tiltalen mot sunnmøringen, etter ordre frå Riksadvokaten. Strafferamma er 21 år fengsel.

– Han vedgjekk overgrep allereie i første politiavhøyr, men ikkje så mykje som det som er med i tiltalen og at det begynte så tidleg som det som han er tiltalt for, sa Nordheim i innleiingsføredraget sitt.

Aktor Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim er aktor i straffesaka mot ein mann frå søre Sunnmøre som møter i retten denne veka.

Politimeld i fjor

Mannen er tiltalt for overgrep mot si eiga dotter, ei jente i barnehagealder. Saka blei meld til barnevern og politi i fjor vinter.

Då rettssaka starta vedgjekk faren delvis straffskuld for det han er tiltalt for.

Tiltalen går ut på gjentekne overgrep mot barn under ti år, og det er dette som gjer at strafferamma er 21 år.

– Dette er ei trist og alvorleg sak, sa forsvarar, advokat Erling Flisnes i si innleiing.

Kritisk til lang liggetid hos politiet

Spørsmålet om lengda på straffa blir sentralt i rettssaka. Også Flisnes trekte fram at mannen erkjente straffskuld for alvorlege forhold mot dottera si i første avhøyr.

– Eitt tema blir politiet si framdrift og liggetida hos politiet. Det er dessverre ein klar trend i den seinare tid at saker ligg lenger enn dei bør ligge, sa Flisnes.

Forsvararen seier til Sunnmørsposten at det er uvanleg med tilståing i slike saker.

Krev erstatning

Ifølgje aktor blir tema i rettssaka å finne bevis for når overgrepa starta og ikkje minst i kva omfang det har gått føre seg.

Støtteadvokat for jenta, Mette Ekroll Nyland, vil setje fram krav om oppreisingserstatning, avgrensa oppover til 300.000 kroner.

Av Anne-Mari Tomasgard, Sunnmørsposten

Saka vart først publisert på smp.no.