– Det skal merkast at vi har etablert oss, og vi skal ta vår del av kaka gjennom å vere konkurransedyktig på pris, kvalitet og høg sørvisgrad med solid fagkompetanse, seier dagleg leiar Torbjørn Vartdal.

Eigaren av Bygger’n Norge, E.A. Smith AS, har kjøpt lokala til Ørsta Trelast med varelager og elementhus-fabrikken på Rystelandet, og no satsar den landsdekkande byggevarekjeda også på butikkdrift i Ørsta. I dag, torsdag, er det offisiell opning av Bygger’n-butikken. Dagleg leiar Torbjørn Vartdal har gode voner for etableringa.

Ressursar

– Både vi og eigaren vår har god trua på dette konseptet, og det er lagt ned mykje arbeid og ressursar på å etablere butikken. Vi har ein sterk eigar og eit sterkt og innarbeidd merkenamn. Det er hard konkurranse innan byggevarer i Ørsta og Volda, men eg meiner vårt konsept er så bra at vi skal kunne hevde oss og ta vår del av marknaden. Vi vert heile tida målt på å vere konkurransedyktige. Vi har eit fullverdig varesortiment, og sel alt frå kjøkkeninnreiingar til måling. Og no kan kundane få alt på ein plass då vi framleis sel byggevarer vegg i vegg med butikken, fortel Vartdal.

Bygger’n i Ørsta vil nå kundar over heile kommunen, og dei har faste dagar for utkøyring av varer, også til Urke og Øye og andre plassar i utkanten av Ørsta.

Til vinteren vert tilbodet til Bygger’n utvida.

– Då innfører vi såkalla «drive-through»-ordning, der kundane kan bruke bilen sin til handlekorg og køyre inn den eine enden av trelastlageret og ut den andre når dei skal handle byggevarer. Enkelt og greitt, seier Vartdal.

Tysdag var det føropning for proffkundane, og i dag, torsdag, opnar altså butikkdørene for alle. Og då får folk kaker og kaffi.

Hundre butikkar

Kjedekontoret til Bygger’n vart etablert i 1991 og har kring hundre butikkar spreidd rundt i landet.

I 2015 omsette kjeda for 4.3 milliardar kroner. Det er altså ein stor byggevareaktør som no har etablert seg i Ørsta.

variert: Kjøkken er eit av mange produkt som Bygger’n sel på Rystelandet, fortel Torbjørn Vartdal og Even Melheim. Foto: Roy-Arne Folkestad