No ber Fylkesmannen om at ein avfallsplan for terminalen vert sendt snarast.

– Alle hamner må, som eit ledd i å verne det ytre miljøet, ha godkjent avfallsplan som viser og dokumenterer korleis avfall frå skip som legg til kai vert handtert. Hamneansvarleg må levere avfallsplan så snart som mogleg og seinast innan 1. august i år, seier fagansvarleg Anne Melbøe hos Fylkesmannen.

Ho gjer det klart at Fylkesmannen vil vurdere å varsle tvangsmulkt dersom han ikkje får tilsendt avfallsplanen innan fristen. Fylkesmannen skal godkjenne planen.